Dato for årsmøtet er klar og sikker. Me får god hjelp av fylkeskontoret og celebert besøk av medlem av fylkesstyret. I desse tider treng me å le meir, me skal derfor la Rune Lote få underhalda oss. Her er det altså ingen grunn til å tvile: meld deg på, strigle håret, tørk støv av finskjorta og møt oss på skjermen den 15. april.
Det vert jobba hardt for å finne folk som kan vera i valnemnda for neste periode, de kan sjå i sakspapirene kor mange som manglar. Har du forslag på nokon eller lyst sjølve, ta kontakt med Silje Selvær 91580895. Me treng og ein vara for leiarrepresentant i styret, Dette må i så fall vera ein som no har stilling som leiar, me vert veldig glade om me får fylt opp listene men ingen skal måtte tvingast til noko.
Møteinfo:
Set deg godt inn i sakene på førehand, då kan me skapa god debatt i møtet. Det er sett opp at møtet starter kl 17.30, i tida 17.30-18.00 vert det pålogging og drøs. Møtet vert starta kl 18.00.
Har du trøbbel med pålogginga kontakt Anita Eide Aase tlf 41633250
PS
Dei som deltek på møte vil sjølvsagt motta ei overrasking som vanleg på årsmøter.