Pedagogisk kafe - Har "kunden" alltid rett?

Publisert: 04.01.2024

Velkomen til Pedagogisk kafé torsdag 11. januar 2024, kl. 18.00 på Åtgaum ​

 
​Utdanningsforbundet Stord har samla eit panel som skal ha ein samtale om tema; har "kunden" alltid rett?, og kanskje også rundt følgjande spørsmål: ​
​- Er det rett at føresette er blitt meir kravstore, og er det i så fall positivt eller negativt? ​
- Kva krav og forventingar møter me frå føresette, og i kor stor grad kjem me desse i møte? ​
- Kor stor vekt bør det leggjast på resultata av brukarundersøkinga i utviklingsarbeidet? ​
- Kor mykje individuell tilrettelegging bør det vera når det gjeld mat? ​
- Kven veit best når det gjeld klede og soving? ​
I panelet sit: ​

- Solfrid Furre, Udanningsforbundet Vestland ​
- Sigfrid Leifsen, Stordbarnehagane og styrar i Trodlahaugen
barnehage ​
- Merete Langeland, barnehagelærar i Olderdalen Fus barnehage​
- Kristine Dybvik Fjellet, mor til eit barn i Naustvågen barnehage ​

Ragnhild Omvik Bratseth, hovudtillitsvald i Stord kommune, og ​
Oddrun Røksund, kontaktperson for private barnehagar i Utdanningsforbundet Stord vil leia møte. ​
​Utdanningsforbundet Stord ønskjer deg hjarteleg velkomen til eit uformelt, fagleg og sosialt møtestad! ​
Bli med i diskusjonen, eller berre kom for å høyre på. ​
Etter samtale og debatt vert det høve til sosialt samvær. ​
​Møte er ope for alle!