Skjerm barna - foredrag og samtale med Maja Lunde

Utdanningsforbundet Stord er glade for å presentere forfattar og foredragshaldar Maja Lunde for våre medlemmer. Maja Lunde skal halde innlegg om boka, "Skjerm barna". Det er avgrensa med plassar. Ver rask med påmelding om du vil delta. ( 90 gratisbillettar) PS! Tilskipinga er flytta til den store salen i kulturhuset, tidspunktet er endra til klokka 20.00 og Udf har 50 ekstra billettar.

Påmeldingsfristen til dette kurset har utløpt

Om kurset

Hvor og når?
onsdag 29. jan. kl. 20:00 - 21:30
Påmeldingsfrist

28.01.2025

Praktisk ansvarlig

Tor Jæger Koppang
E-post: [email protected]
Telefon: 48036795

Faglig ansvarlig

Jonatan Gniste
E-post: [email protected]
Telefon: 47343679

Maja Lunde har selt millionar av bøker. No er ho aktuell med ein brannfakkel av ei bok om korleis skjermane har tatt over barndomen, og kva me må gjera for å ta barndommen tilbake.
Eit barn som bruker mobilen ein time om dagen vil med ein gjennomsnittleg levealder på 82 år bruka om lag 30.000 timar på mobilen. Veldig mange barn og unge bruker mobilen 4 timar eller meir kvar dag. Det er 60 årsverk.
Mobilen og algoritmane eig tida til barna. Bruken rammar alt det viktige dei treng for å ha det bra; leika, sova, bevega seg, lesa, dagdrøyma og vera saman med andre. Samtidig stig tala for psykisk uhelse blant barn og ungdom, og skuleresultata går nedover.
Me har gitt barna fri tilgang til applikasjonar og dingsar som me vaksne knapt klarer å handtera. Til sosiale medium som krev ein mental modnad barn og unge rett og slett ikkje har utvikla, fordi hjernen deira framleis er under ombygging.
Me har berre gjort det, fordi me trur det digitale har komme for å bli. Dei einaste som tener på det er tek-gigantene. Men: det som ikkje gjer liva våre og samfunnet betre, det har ikkje komme for å bli. Det kan me fjerne eller endra.
Etter føredraget vil Maja Lunde delta i ein samtale med rektor ved Sagvåg skule Lars Bakka, lærar på Stord vidaregåande skule Gaute Epland, grunnskulelærarstudent på Høgskulen på Vestlandet Inger Christin Hystad Barane, og førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet Hege Myklebust.
Ordstyrar: Svein Olav B. Langåker, redaktør i Framtida Junior.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Samtidsdagane på Høgskulen på Vestlandet, Utdanningsforbundet Stord, Stord bibliotek og Folkeakademiet Stord.
Stad: Stord kulturhus, Småsalen