Årsmøtet 2017

Årsmøtet 2017 vart arrangert 1.mars i kantina på Sogndal vidaregåande skule

Diverre kom ikkje leiaren i Utdforb Steffen Handal grunna sjukdom, men årsmøtet var likevel godt besøkt. Steinar Øydvin vart attvald som leiar, Linda Moen Rebni og Gudrun Stenehjem vart valde som nye styrerepresentantar. Årsmøtet vedtok og ein uttale om flyktningar og tilrettelegginga av opplæringstilbodet. Uttalen er sendt kommunen som innspel i samband med høyring av ny oppvekstplan