Kurs i framtidsfullmakt, med suppemiddag

Ingen veit kva morgondagen bringer. Å ha god informasjon om framtidsfullmakt er viktig for alle våre medlemmer, frå unge til eldre. Me har difor reservert plassar til våre medlemmer på kurset til Sparebanken Vest om framtidsfullmakt i Litlesalen på Skakke, 27.november. I forkant vil våre medlemmer få servert suppe klokka 17.00, i eige lokale. Les meir under.

Påmeldingsfristen til dette kurset har utløpt

Om kurset

Hvor og når?
onsdag 27. nov. kl. 17:00 - 20:00
Påmeldingsfrist

21.11.2024

Praktisk ansvarlig

Åse Hjelmervik
E-post: [email protected]
Telefon: 97584583

Me inviterer våre medlemmer på kurset til Sparebanken Vest, om framtidsfullmakt. Servering av suppe klokka 17.00 for våre medlemmer, derfor må me setje påmeldingsfrist til 21.11. De treng IKKJE hente ut billett på Skakkesenteret sine sider, då me har dialog med Sparebanken vest på dette. Om de alt har meldt dykk på via Skakke, meld gjerne ifrå til Åse på 97584583, sånn at listene vert rette. 

Demens og annan alvorleg sjukdom kan gjere at du ein gong i framtida treng hjelp, men me veit som kjent aldri kva morgondagen bringer, uansett kva alder og situasjon me er i. Dersom du opprettar framtidsfullmakt, kan du bestemme at nokon du stoler på skal ta vare på dine interesser den dagen du ikkje klarer det sjølv. Ei framtidsfullmakt kan vere eit alternativ eller eit supplement til verjemål.