Bemanningsnorma som praktiserast i dei kommunale barnehagane i Bjørnafjorden kommune er minstekrav for bemanning. I praksis gjeld den berre nokre få timar kvar dag. Utdanningsforbundet meiner at barna har for lite tilgjengeleg, kompetent personell som kan støtta deira leik, utvikling og kvardag. Utdanningsforbundet arbeidar for ei styrka bemannings- og pedagognorm i barnehagane
Vil ditt parti arbeida for å styrka bemanninga i dei kommunale barnehagane?
Vil ditt parti arbeide internt oppover for å styrka bemanningsnorma i norske barnehagar?
SVAR: Vil ditt parti arbeida for å styrka bemanninga i dei kommunale barnehagane?
Her vil vi svare klart og tydeleg ja. SV er heilt einige i at vi bør styrka bemanninga i barnehagane i Bjørnafjorden kommune, og då både i dei kommunale og dei privateigde.
I vårt lokale program seier vi at vi vil løyve meir pengar til SFO, skular og barnehagar for å få auka bemanninga, betre tilrettelagde tilbod og betra støttetiltak. Vi skriv vidare at bemanningsnorma skal gjelde i heile opningstida, og at regelmessige tilsyn skal sikre at tilskota til barnehagane går til barna.
Barn som skal utforske og bli rettleia i leik og læring, og som skal vakse og utvikle seg saman med andre, treng å ha stabile vaksne rundt seg som har kompetanse om barn og forståing for barns behov. Dette er nødvendig for at barnehagen skal gje alle barn like sjansar og bidra til å utjamne sosiale skilnader, uavhengig av foreldras inntekt.
Vil ditt parti arbeide internt oppover for å styrka bemanningsnorma i norske barnehagar?
SV har allereie programfesta at vi vil ha fleire barnehagelærarar og andre tilsette, med høg kompetanse. Det er ei sak vi brenn for lokalt og, så det er ingen tvil om at vi vil halde oppe trykket og formidle viktigheita av ei styrka bemanningsnorm oppover i partiet, ved kvar anledning der det er naturleg.
Tidleg innsats
Fleire av dei politiske partia har i sine lokale valprogram peikt på at dei vil satsa på tidleg innsats.
Dette er Utdanningsforbundet glade for.
Kva legg ditt parti med omgrepet tidleg innsats? Og kva konkret vil ditt parti gjera for å bidra til dette?
SVAR: Vi legg fleire ting i begrepet tidleg innsats. Det handlar om eit godt pedagogisk tilbod heilt frå tidleg alder, om å arbeide førebyggande, og om å ha ressursar og kompetanse til å sette inn riktige tiltak, så tidleg som mogleg.
Bemanningsnorm og pedagognorm er grunnsteinen i det forebyggande arbeidet, men støtteapparatet rundt må og ha meir ressursar enn i dag. Dei som arbeider med barn og unge i Bjørnafjorden kommune skal både ha nok folk og ressursar til å drive med miljøarbeid og lågterskel tilrettelegging innanfor ordinært tilbod, og dei nødvendige ressursar når det er vedtak på særskilte tiltak. Vi vil ha rammer som er romslege nok til at dei med kompetanse på barn og unge både kan arbeide til det beste for enkeltindividet, og ha kapasitet til å arbeide med å utvikle kommunen på systemnivå.
Her kan vi nemne helsestasjon og skulehelseteneste, Dei utrulege åra, tilgang til PPT, tilgang til logoped med meir. Alt dette er ressurskrevjande førebygging, men det er investeringar vi som samfunn får så uendeleg mykje igjen for. Ikkje minst menneskeleg, for det kan utgjere ei så enorm skilnad i livet til dei det gjeld. I dag opplever vi dessverre altfor ofte at det fattast vedtak som gjev barnet rettigheitar, men så er det ikkje ressursar til å levere.
Tidleg innsats kan ikkje vere knytt til foreldras betalingsevne, Alle barn må derfor ha tilgang til barnehage og SFO, uavhengig av foreldra sin sosiale og økonomiske bakgrunn. SV vil ha redusert foreldrebetaling for barnehage og, på sikt, gratis heildagsplass i SFO. I første runde vil vi redusere foreldrebetalinga for SFO, som kommunestyret dessverre skrudde opp i vår. Det utjamnar skilnadar. Det vil verke positivt på mobbing, trakassering, fråfall frå skulen og utanforskap, med alle dei utfordringane vi veit det medfører.
Heilt konkret vil vi satse på tidleg innsats ved å styrke økonomien i barnehagar, skular, SFO og støttetilbod som PPT, helsestasjon osb. Vi vil verne om det vi har av ressursar i dag, og heve kvaliteten på det. Det betyr å styrke laget rundt læraren, og å styrke tilsette si kompetanse i tett samarbeid og dialog med tillitsvalde i arbeidstakarorganisasjonane.
Vikarpool
Me tykkjer de har veldig mange gode punkt i programmet dykkar, og me kan kjenne oss igjen litt i vår eigen politikk. Det me lurer på er om de vil arbeide for at kommunen vår får ein vikarpool av undervisningspersonell?
SVAR: I vårt lokale program har vi fokusert på å styrke budsjetta til skular og barnehagar for å sikre ei betre grunnbemanning og økonomi til å hente inn vikarar når det trengs. SV er tydelege både nasjonalt og lokalt på at det skal vere vikarar ved fråver. SV har foreslått på nasjonalt nivå at store barnehageeigarar bør ha fast tilsette vikarar.
Vi liker tanken på å utvide den kommunale vikarpoolen til å gjelde nye fagområde, og har tatt dette opp i kommunestyret ved fleire høve. Dagens situasjon med bruk av ufaglærte som vikarar for lærarane er ikkje akseptabelt. Vi ønskjer å utvide vikarpoolen i tett samarbeid med tillitsvalde i arbeidstakarorganisasjonane for å lære meir om kva positive effektar dette kan ha på dei utfordringane vi veit de står i.