Svar på politiske spørsmål frå Bjørnafjorden Høgre

Publisert: 01.09.2023

Bemanning 

Bemanningsnorma som praktiserast i dei kommunale barnehagane i Bjørnafjorden kommune er minstekrav for bemanning. I praksis gjeld den berre nokre få timar kvar dag. Utdanningsforbundet meiner at barna har for lite tilgjengeleg, kompetent personell som kan støtta deira leik, utvikling og kvardag. Utdanningsforbundet arbeidar for ei styrka bemannings- og pedagognorm i barnehagane 

Vil ditt parti arbeida for å styrka bemanninga i dei kommunale barnehagane? 

Vil ditt parti arbeide internt oppover for å styrka bemanningsnorma i norske barnehagar? 

SVAR: For Høgre sin del er det viktig at dei som arbeider i barnehagane har høg og rett kompetanse. Vi er stolte over kva tilsette i barnehagane får til kvar dag for å skapa ein trygg kvardag for våre minste med leik, meistring og relasjonsbygging.  

Pedagog- og bemanningsnorma som vart innført for nokre år tilbake var på mange måtar eit løft for borna, men krevjande for leiinga i barnehagane og for kommunen. Det er krevjande å oppfylla normer frå staten når det det ikkje følgjer pengar med. I tillegg er kommunen stramt bunde av modellen for finansiering av private barnehagar, som krev at vi må drifta effektivt for å unngå enorme utbetalingar i andre enden. Med ein svært stram kommuneøkonomi, er det vanskeleg å seia at vi vil arbeida for å auka bemanninga i dei kommunale barnehagane, då det reknestykket ikkje vil gå opp. Det kommunen likevel kan gjera, er å tilby etter- og videreutdanning til dei tilsette for å sikra at vi har nok og rett kompentanse blant dei som skal arbeida med våre minste.  

Når det gjeld å jobba oppover internt, så vil alltid Høgre påverka for å få auka overføringar til kommunen slik at vi kan styrka tenestene våre. Skal ein auka bemanningsnorma i norske barnehagar, så må pengane følgja med.  

Tidleg innsats 

Fleire av dei politiske partia har i sine lokale valprogram peikt på at dei vil satsa på tidleg innsats. 

Dette er Utdanningsforbundet glade for. 

Kva legg ditt parti med omgrepet  tidleg innsats? Og kva konkret vil ditt parti gjera for å bidra til dette? 

SVAR: For Høgre betyr tidleg innsats førebyggjing framfor reparering. Det betyr å gje borna i barnehagen truggleik. Dei skal meistra og dei skal læra, og det gjer dei best når kjenner seg trygge. Vi skal sikra eit godt samarbeid i overgangen mellom barnehage og skule, slik at borna kjenner seg sett allereie første skuledag. Høgre meinar at læringsmiljøet i klasserommet er viktig for at elevane skal kjenna læringsglede og få utbytte av undervisninga, så å arbeida med det psykososiale skule- og klassemiljøet dannar eit godt grunnlag for læring. Til dette treng ein nok vaksne med god kompentanse som tar dei i vare i starten av skuleløpet. Vi trur på læraren!  

Vi vil i tillegg visa til nokre konkrete punkt i programmet vårt som kan leggjast innunder begrepet tidleg innsats:         

  • At alle nybakte foreldre får jordmor på heimebesøk.
  • At elevane møter helsesjukepleiarar med god kompetanse på psykisk helse blant unge.
  • Tilby etter- og vidareutdanning til tilsette i barnehage og skule for å auka kompetansen.
  • At tenestene i Familiens Hus skal fortsetja med det gode kvalitetsarbeidet for å vera ein støttespelar for familiane, skulane og barnehagane, der barnet alltid står i fokus.
  • Kartlegga psykososialt skule- og klassemiljø i kommunen, for å setja inn målretta tiltak der det er naudsynt.
  • Sikra samarbeid mellom kommunale og private skular og barnehagar, og arbeida for å få til gode fellessatsingar.
  • Ha ein mobilfri grunnskule for at elevane skal ta del i det viktige sosiale samspelet i skulekvardagen.

Læremiddel 

Me ser av programmet til Høgre i Bjørnafjorden at de vil sikre at elevane i skulen får opplæring gjennom ein kombinasjon av digitale læremiddel og bøker. Vil de i Høgre vere ein pådrivar for å få avsett midlar lokalt for å få kjøpe inn fleire bøker til einingane? 

SVAR: Bjørnafjorden Høgre er opptekne av at elevane våre skal få undervisning gjennom ein kombinasjon av digitale læremiddel og bøker. Fersk studie frå USA slår fast at lesing på skjerm er mindre gunstig når grunnleggjande teknisk leseferdigheiter skal øvast inn. Difor meinar vi at vi ikkje kun kan satsa på digital undervisning. Då må også nytta bøker i undervisninga ved våre skular. På spørsmål om vi vil avsette eigne midlar lokalt til kjøp av skulebøker, så vil svaret vera at dersom det ved til dømes rekneskapsoverskot eller andre "eingongsmidlar", så er dette noko Høgre, som kunnskapspartiet, vil prioritera. Vi vil alltid prioritera born og unge!