Islendingane jobbar mindre etter vellykka forsøk med firedagarsveke

Forsøk med firedagarsveker over fleire år på Island har vore ein «enorm suksess», og har ført til at svært mange no jobbar mindre, heiter det i ein rapport. Er det mer bærekraftig å arbeide mot mindre arbeidstid istedet for høyere lønn? Er det mer mijøvennlig med mer fritid istedet for å gi oss økt kjøpekraft?

Forsøka vart gjennomførte mellom 2015 og 2019 i regi av dei lokale styresmaktene i Reykjavík og den islandske regjeringa. Dei omfatta meir enn 2500 arbeidstakarar i offentleg sektor, rundt 1 prosent av arbeidsstyrken i landet, skriv BBC.

Produktiviteten og tenesteytinga heldt fram på same nivå eller betra seg på brorparten av arbeidsplassane i forsøket, medan velværet til arbeidstakarane vart «dramatisk» forbetra, målt på ei rekkje indikatorar.

– Denne studien viser at tidenes største forsøk med kortare veke i offentleg sektor, basert på alle moglege målestokkar, var ein overveldande suksess, seier forskingsdirektør Will Stronge ved Autonomy.

– Det viser at offentleg sektor kan bane veg for kortare arbeidsveker, seier han. Stronge oppmodar regjeringar i fleire land til å følgje etter.

Hele saken