Statens pensjonskasse hevar grensa for kva du kan tene ved siden av AFP

Toleransegrensa for kor mykje du kan tene ved sida av AFP blir endra. Frå og med 1. januar 2025 blir grensa auka frå 15 000 kroner til 32 247 (0,26 G)

Dette er gledelige nyheiter frå pensjonskassen til lærarane. Mange av våre medlemmar har undra seg over kvifor Statens pensjonskasse ikkje har hatt den same toleransegrense som KLP. 

Nå blir dette altså endra og fra 1.1.2025 kan medlemmar, som har heil eller delvis AFP, tena inntil 32 246 kroner årleg. 

Merk: offentleg tilsette fødd i 1963 eller etter har ei heilt anna AFP-ordning, og er derfor ikkje omfatta av regelendringa. Dei kan jobbe og tene så mykje dei vil når dei tek ut AFP.

For meir informasjon, les meir på heimesiden til Statens pensjonskasse