Sjå bak tala

Vårens vakraste eventyr, lønsforhandlingane, er i gang. Me høyrer lyden av kompliserte ord og uttrykk som ramme, reallønsvekst, TBU, frontfag og kjøpekraft. Det me høyrer lite av er historiene bak tala. Kven er så bak dette kompliserte "tariffspråket" og alle tala?

Det er barnehagelæraren, som skaper og legg til rette for den første trygge fellesskapsarenaen for barn utanfor familien. I barnehagen gjer barn seg erfaringar for livet, og barnehagelæraren er den viktigaste personen som kan bidra til at desse erfaringane blir gode. Dei forebygger utryggheit, sikrar at barns ønsker, interesser og behov blir fanga opp og ikkje minst blir følgt opp på gode og hensiktsmessige måtar.  
Det er lærarane i skulen, som faktisk er ein avgjerande faktor i elevane sitt liv. Alle barn og unge skal få opplæring av lærarar som er utdanna lærarar. Å rettleia og organisera gode og «produktive» læringsprosessar for elever med ulike forutsetningar krev høg kompetanse på ei rekke områder.  

For meg er det derfor viktig å visa kven som er bak tala me krev. Eg og mine kollegaer og medlemmer utfører ei livsviktig velferdsteneste på vegne av fellesskapet. Me utdannar dei som skal ta over landet vårt!  

Avgjerande kompetanse

For kommunar og fylkeskommunar er det heilt avgjerande å ha tilgang på lærarar i både barnehage og skule. Med manglande rekruttering til utdanningane og stort fråfall i yrkene er årets lønsoppgjer viktigare enn nokon gong. 
«Kommunane har ei viktig rolle som produsent av nasjonale velferdstenester som barnehagar, grunnskular, helse, omsorg og sosiale tenester.» , står det i NOU 2022:10, som omhandlar inntektssystemet for kommunane. Med andre ord kan ikkje kommunal sektor velja vekk ei av primæroppgåvene sine, utdanning. 

Spennande vår

Me ser fram til årets tariffoppgjer og har forventningar både til KS som er vår arbeidsgivarmotpart, men også til politikarar som skapar forventningar blant befolkninga på våre vegne.  
Med ønske om et godt tariffoppgjer. 
 
Elin Djuve, fylkesleiar Utdanningsforbundet Rogaland