Satsing på kvalitet i lærarutdanningane må vere meir enn fine ord

«Regjeringen vil at universiteter og høyskoler skal prioritere lærerutdanningene høyt, som en del av samfunnsoppdraget og i lys av sviktende rekruttering til lærerutdanningen» , frå Strategi for rekruttering til lærerutdanningene og læreryrket 2024–2030.

Likevel vil Universitetet i Stavanger ta bort 50 opptaksplassar ( blir 250 studieplassar over 5 år). Dette uroar Utdanningsforbundet i ei tid der regionen har stor mangel på kvalifiserte lærarar. Kommunalsjef for oppvekst og kultur i Sola opplyser i innlegg i Aftenbladet i oktober at Sola kvart år treng 25-35 nye lærarar. Vi har opplysningar om at Stavanger manglar 100 kvalifiserte lærarar. Det er difor alvorleg at studieplassar forsvinn frå lærarutdanningane!

Utdanningsforbundet er redd at dårleg økonomi på Universitet i Stavanger vil ramme kvaliteten i lærarutdanningane ved UiS. I tillegg til økonomiske kutt på ca. 10 millionar innan 2027 for Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora (UH-fakultetet), vil eit kutt på 50 opptaksplassar utgjer ca. 15 millionar totalt. I ytste konsekvens kan fagmiljø forsvinne, studentane vil få færre fag å velje mellom og utdanningane vil bli mindre attraktiv.
UH-fakultetet har i denne vanskelege situasjonen bretta opp ermene og laga nye studiar som kan appellere både til ungdom frå vidaregåande, ungdoms som har tatt fag frå før og erfarne lærarar. Dette gjeld mellom anna eit nytt årsstudium knytt til lærarutdanningane, som gir innblikk i læraryrket. Studiet kan inngå som ein del av ei lærarutdanning, men kan også brukast inn i andre utdanningar. Frå hausten 2025 tilbyr fakultet også ein erfaringsbasert master for lærarar. I tillegg kjem ei integrert PPU-utdanning for dei som har ein bachelor frå før. Ut frå både samfunnsmandatet og tiltaka som no blir sett i verk, verkar det urimeleg å ta ifrå UH-fakultetet finansieringa av 50 opptaksplassar frå hausten 2025.

Vi kjem ikkje bort frå at låge søkjartal er ei stor bekymring både for skular i regionen som treng lærarar og for kvaliteten i lærarutdanningane, men å redusera kvaliteten på utdanninga er ikkje vegen å gå! Skular og skuleeigarar har også eit ansvar for å visa fram kor flott det kan vere å vere lærar og kva som blir gjort på områder og situasjonar som er vanskelege i yrket.
Kvalitet i lærarutdanningane krev langsiktig økonomisk satsing, ikkje berre fine ord i talar og dokument. Her har regjeringa eit stor ansvar, men også den einskilde utdanningsinstitusjon. Styret ved UiS har eit stort ansvar for avgjerda som blir tatt på styremøtet den 5. desember!

 

Elin Djuve, Utdanningsforbundet i Rogaland
Cecilie Waallann Brown, klubben til Utdanningsforbundet ved UiS
Kitty Garborg, Hovudtillitsvalt Utdanningsforbundet UiS