Heile 5 nye tillitsvalgte i Utdanningsforbundet Sauda dette skule- og barnehageåret.
Onsdag 20 september arrangerte lokallaget TV1-kurs for nye tillitsvalgte. I år har me heile 5 nye tillitsvalgte frå skule og barnehage.
Anny V. Rustad - Sauda Ungdomskule
Elin Bryne - Sauda Vaksenopplæring og Introduksjonsteneste
Anna Klungtveit - Austarheim skule
Hildeborg J. Hugdal - Risvoll skule
Ragnhild Vullum - Veslefrikk barnehage.
Veldig kjekt å få på plass så mange nye tillitsvalde på ein og same gong. TV1 er fyrste kurs i kursrekka for nye tillitsvalde. Det er lokallaget er ansvarleg arrangør, og lokallagsleiar var difor kurshaldar. I tillegg til våre fem nye tillitsvalde frå Sauda, deltok og fire tillitsvalde frå Vindafjord. Me starta dette samarbeidet om TV1 i fjor, då me hadde ei ny tillitsvald som deltok på kurs i Etne. Årets kurs blei avholdt på Saudagården i Utdanningsforbundet Sauda sine lokaler. Kurset var så vellykka at underteikna gløymde ut å ta bilete. Tillitsvalde får deretter TV2, TV3 og TV4-kurs i regi av Utdanningsforbundet Rogaland. TV2 er allereie neste veke, 3-4 oktober.
Me ynskjer dei nye tillitsvalde masse lukke til og ser fram til godt samarbeid.