Kontaktforum grunnskole

Kontaktforum Grunnskule i Utdanningsforbundet Møre og Romsdal har hatt to flotte og viktige dagar i Ålesund. Det har vore gode diskusjonar og nyttig erfaringsdeling mellom 25 deltakarar på frå heile Møre og Romsdal.

Vi har hatt oppe tema om Sintef-rapporten om emosjonelle krav og belastningar, kunstig intelligens, førebygging av vald og truslar og mange viktige saker som er innmeldt av kontaktpersonane.

 

Vi har spurt to av deltakarane om kva kontaktforum betyr for dei og kva dei tek med seg tilbake til lokallaget sitt.

Bente Hole fra Stranda ungdomsskole i Stranda kommune.

Kva er det viktigaste for deg med møta i kontaktforum?

Kontaktforum er nyttig for å høyre korleis dei andre kommunar løyser saker, kva rutiner dei har , eller korleis rettar og plikter blir praktisert. Ein kan då få inspirasjon til å forbetre våre eigne løysingar eller kjempe for betre praktisering slik vi kan gjere arbeidskvardagen vår betre. I kontaktforum får ein høyre om kva andre lokallag har fått til, og det gir ein ny giv og trua på kva ein kan få til i eigen kommune.

Kva tar du med deg tilbake til lokallaget ditt etter denne samlinga?

Mykje nyttige saker som lokallaget bør ta tak i for å betre arbeidskvardagen vår. Det kan vere saker vi må forhandle med kommunen om, t.d. kompetansetillegg. I tillegg må vi få på plass gode rutiner for t.d. førebygging av vald og truslar i skulen, og rutiner for veiledning av nyutdanna. Noko vi absolutt skal sette søkelyset på er emosjonell belastning og korleis vi systematisk skal jobbe for å betre støtta til lærarane.

I kontaktforum får ein høyre om kva andre lokallag har fått til, og det gir ein ny giv og trua på kva ein kan få til i eigen kommune.

 

Linn Hansen Raknes, Vigra skule i Giske kommune.

Kva er det viktigaste for deg med møta i kontaktforum?

Å møte andre lærarar og kunne utveksle erfaringar og tankar om jobbrelaterte emner. Kjekt å få innblikk i korleis det er i dei andre kommunane i fylket, og å danne relasjonar med andre i same yrkesgruppe.

Kva tar du med deg tilbake til lokallaget ditt etter denne samlinga?

Innsikt i kva som rører seg i fylket, kva andre også er opptekne av. Mange gode tips til korleis jobbe førebyggande med vald og truslar. Eg har også med meg fleire spørsmål om korleis ulike ting løysast i vår kommune, t.d. dette med KI og vurdering. Eg tek med meg påfyll av inspirasjon og gleder meg allereie til kontaktforum til hausten.

 

Ekstra stas er at vi har hatt besøk av 1. vara til Sentralstyret Stine Christensen Holtet som hadde ei god økt om aktuelt i Utdanningsforbundet. Så flott at Stine kom til oss, både for å lytte til medlemsstemma og for å formidle dei viktige sakene som sentralstyret og Utdanningsforbundet arbeider med.