Snaut 2000 lærarar møtte til streikemarkering i Molde

Det vart eit vellukka arrangement og streikemarkering i Molde.  Nesten 2000 medlemmar møtte opp for å vise KS at vi ikkje finn oss i måten dei behandlar lærarane og skulen i landet.

Omlag 1300 medlemmar er no teken ut i streik i 14 kommunar i Noreg. I Molde er kring 70 medlemmar i streik, og når nokon streikar for oss er vi alle i konflikt. På Torget i Molde vart det sterke og gode appellar frå mellom anna Norsk Sykepleierforbund og styremedlemmar frå sentralstyret.