Korleis påverke kommunen til å satse på skule og barnehage?

Tysdag 15. februar skal lokallagsleiarar og hovudtillitsvalde i Møre og Romsdal få kurs i korleis dei kan jobbe systematisk i påverknadsarbeidet for å få auka midler til skule og barnehage. Det er to hovudvegar i dette arbeidet.

Den eine vegen er gjennom partssamarbeidet, der det er den hovudtilitsvalde (HTV) som skal møte kommunen i formelle møte. Den andre vegen er det politiske påverknadsarbeidet som gjerne blir utført av lokallaget sin leiar, eller lokallagsstyret i Utdanningsforbundet.

Det å ha eit godt samarbeid som organisasjon til administrasjonen er ein god start for å kunne bli lytta til. Dette er heimla i Hovudavtalen, og er hjørnesteinen i den nordiske trepartsmodellen.

Ressurshefte for tillitsvalde

Utdanningsforbundet har utarbeida eit ressurshefte som ligg inne for tillitsvalde på lukka side (Tillitsvalgt+)  Litt oppsumert handlar det om korleis vi kan lære å jobbe med økonomien i kommunen for bidra til å synleggjera dei økonomiske konsekvensane av budsjetta for verksemdene de organiserer.

• Understrek behovet for partssamarbeidet lokalt. Samarbeid mellom tillitsvalde og arbeidsgivarar bidreg til å redusera negative effektar av krisa.

• Delta i diskusjonar om fordeling av lokale krisepakkar og omdisponeringar.

• Synleggjer delen av kommunen din av dei økonomiske tiltakspakkane til staten. Gjennom koronakrisa har regjeringa løyvd fleire økonomiske  tiltakspakkar.

Ei kommunevis oversikt finn du på nettsidene til regjeringa:

www.regjeringen.no/no/aktuelt/mer-

penger-til-kommuner-og-fylkeskommuner/id2721181

 

• Undersøk storleiken på disposisjonsfondet til kommune. Kommunelova stiller krav til eit disposisjonsfond som skal brukast ved meirforbruk. Det er i vanskelege tider, som under ein pandemi, at eit reservefond bør brukast.

• Understrek at kommunane og fylkeskommunane framleis er forplikta til å følgja dei lovpålagde oppgåvene i barnehage- og opplæringslova, herunder bemannings- og pedagognorm i barnehagen og minstenorm for lærartettleik i grunnskulen (sjå kapittel 3).

• Prøv å halda deg orientert om den økonomiske utviklinga i kommunen din og effekten av dei til kvar tid   gjeldande smitteverntiltaka.

• Be om hjelp og bistand frå fylkeslag.


Døme på kva ein kan gjere

Påverknad av administrasjonen og politisk miljø bør skje i god tid før budsjetta blir fastlagde. Dei ulike partia kan påverkast før gruppemøta. Her kan ein ansvarliggjere politikarar frå dei ulike partia med utgangspunkt i partiprogram, valkampløfte, medieutspel og tidlegare vedtak.

Lokallaga kan synliggjere avvik mellom løfta til politikarane og kva som faktisk blir vedtekne, og mellom vedtak og kva som faktisk blir gjordt. Her kan ein ha med fortellingar frå barnehagen eller skulen som fortel korleis det ikkje blir sett inn vikar ved sjukdom, som eit døme. Desse forteljingane er truverdige og vil gjere inntrykk på politikarane, og ikkje minst foreldra til borna.

Lokallaga kan og skape mediesaker sjølv, og delta i pågåande debattar.

Og ikkje minst kan tillitsvalde dokumenter dei faktiske forholda (ressurs-
analysar, spørjeundersøkingar etc.).