Høg streikevilje i Molde

No har Romsdal Videregåande skule også slutta seg til dei streikande lærarane i Molde.

82 lærarar la måndag ned arbeidet sitt, og då er omlag 150 lærarar i streik i kommunen og fylkeskommunen. Og nye opptrappingar nasjonalt kjem i morgon. 

Lærarhjarta våre blør når vi må ty til det sterkaste verkemiddel i ein kamp, ikkje berre for lærarane si løn, men for å sikre at skulen i framtida får gode lærarar. I tre år på rad har søkartala til lærarstudiene gått ned, og lærarlønna har sakka akterut de siste seks åra på rad. "Om nokon skal ha meir, må andre får mindre", seier KS. Men kvifor er det alltid lærarane som skal ha mindre, spør Steffen Handal. 

Vi er grundig lei av taltriksinga frå KS i denne konflikten. Desse halvsanningane skaper eit uriktig inntrykk, både av alvoret i skulen og av lærarane si lønsutvikling. 

Les meir her.