Barnehagedagen 2022: "Vennskap - Du og jeg"

15. mars blir markert Barnehagedagen 2022 over heile landet for å synleggjere kva barna erfarer, lærer og opplever i barnehagen. Tema for dagen er «Vennskap" og slagordet er «Vennskap - Du og eg».

Å skapa vennskap og lære barn å behalde venner er viktig for barnet her og no, og for framtida. Ifølgje rammeplanen skal alle barn oppleve å vere viktige for felleskapet og kunne vera i positivt samspel med andre barn og vaksne. Barnehagen skal aktivt leggje til rette for utvikling av vennskap og sosialt fellesskap. Barna skal òg få erfare korleis alle kan læra av kvarandre og fremje forvitenskapen sin for likskapar og forskjellar.

1. januar i år fekk barnehagen nytt regelverk for barnehagemiljøet. Ifølgje lova skal barnehagen sørge for at alle barn har det trygt og godt, og alle som jobbar i barnehagen må følgje med på at barna har det bra.

Alle barn skal òg føla seg sett og anerkjent for han dei er, og den einskilde sin plass og verdi i fellesskapet skal synleggjerast. 

Bli med på markeringa!

Hald òg av datoen 14. mars. Då blir det kveldsseminar i samband med årets barnehagedag. Påmelding og meir informasjon kjem når det er klart.

Støttemateriell til arbeidet til rammeplanen med vennskap finst på Utdanningsdirektoratet nettside.

Sett av dagen, dette blir spennande – lykke til med årets barnehagedag.

 

Les meir om dette her.