- Startside
- Fylkes- og lokallag
- Møre og Romsdal
- Utdanningsforbundet Volda
- Kurskalender
- GRATIS MEDLEMSMØTE for medlemar i Utdanningsforbundet Volda og Utdanningsforbundet Ørsta
GRATIS MEDLEMSMØTE for medlemar i Utdanningsforbundet Volda og Utdanningsforbundet Ørsta
Tilsette i barnehage og skule jobbar tett på barn og unge. Det er givande å ta del i deira utvikling over tid, gi tryggleik og ta del i meistringa deira, men det kan også vere emosjonelt og relasjonelt krevjande å bli utsett for andre sine kjensler kvar einaste dag. Utdanningsforbundet vedtok på landsmøtet i 2023 ein uttale om at vald, truslar og trakassering mot tilsette ikkje er ei privatsak, men eit arbeidsmiljøproblem. Nestleiar i Utdanningsforbundet Møre og Romsdal, Orlaug Bjørdal Kårstad, kjem for å snakke om dette brennheite temaet. Møtet vert i dialog med deltakarane.