Årsmøte Utdanningsforbundet Volda

Velkomen til årsmøte 29.februar 2024, kl.18.00 -20.00 på Høgskulen i Volda, Store BK.

Dette kurset er gjennomført

Om møtet

Kulturelt innslag frå Volda kulturskule.
Saker:
1) Konstituering
2) Årsmelding
3) Rekneskap
4) Satsingsområde, prioriterte oppgåver i lokallaget.
5) Budsjett
6) Saker meldt frå medlemmer og klubbar
7) Val
Nytt frå Utdanningsforbundet ved ein representant frå fylkesstyret UDF Møre og Romsdal.
Oppfordrar klubbar/medlemmar om å melde saker de ønskjer skal takast opp på årsmøtet. Meld til lokallagsleiar innan 5. februar 2024. Bruk skjema som ligg ved.
Endeleg innkalling m/sakliste kjem to veker før årsmøtet. (jfr. Vedtektene § 57.4).
Nydeleg tapasmåltid etter årsmøtet.
Her kan de få kjennskap til det kva vi arbeider med lokalt og sentral i UDF, de får mogelegheit til å påverke, de får ein sosial samankomst og nydeleg tapas. 
Det vert i premiering til klubben med størst oppmøte OG den klubben som har størst prosentvis oppmøte på årsmøtet i fht storleiken på klubben sin, vil vinne kinobillettar til heile klubben. Då det er oppussing av Volda samfunnshus, vil det denne gongen bli billettar til Ørsta kulturhus. I tillegg til klubbpremien trekk vi og 5 heldige vinnarar av dei frammøtte. Om du er pensjonist eller er på ein arbeidsstad det ikkje er ein klubb, så har du likevel vinnarsjanse. 
Bindande påmelding  innan 26. februar 
DU er velkomen!
På vegne av lokallagstyret i Utdanningsforbundet Volda
Sirikit Vågen Leiar Utdanningsforbundet Volda