TV1-kurs

Dette er første kurs av fire i tillitsvaldopplæringa.

Dette kurset er gjennomført

Om kurset

Hvor og når?
mandag 18. sep. kl. 18:00 - tirsdag 19. sep. kl. 15:00

Hotel Alexandra Loen

6789 LOEN

Vis i Google Maps
Påmeldingsfrist

01.09.2023

Velkommen til kurs

Som ny arbeidsplasstillitsvald i Utdanningsforbundet er du no vorten del av eit stort fellesskap som jobbar mot felles mål

Du skal snart på det første kurset ditt som ny arbeidsplasstillitsvald. I denne guiden får du informasjon om opplæringa du skal få.Grunnopplæringa for arbeidsplasstillitsvalde er bygd opp med fire kurs i ein trinn-struktur. Alle kursa skal gjennomførast det første året som tillitsvald og du må ha delteke på alle kursa for å få grunnopplæringa godkjend.

Gjennom grunnskuleringa skal dei

arbeidsplasstillitsvalde:

  • Bli kjend med lokal og fylkeslag

  • Bli trygge i rolla og motiverast til innsats

  • Kunne praktisere medråderett på arbeidsplassen

  • Få innsyn i lover, avtalar, Utdanningsforbundet sinpolitikk og andre tilhøve som legg rammene for tillitsvaldarbeidet

  • Bli kjend med Utdanningsforbundet sinpolitikk og vere medvitenhandlingsrommet  ein har som tillitsvald

  • Bli i stand til å arbeide strategisk for Utdanningsforbundet sin politikk og medlemmene sine interesser

  • Forstå kva det betyr at Utdanningsforbundet er ein profesjonsorganisasjon og korleis profesjonsfagleg argumentasjon kan brukast

  • Kunne leie klubben og engasjere medlemmene

  • Kunne kommunisere godt i møte med andre

  • Kunne jobbe for medlemsvekst

Dei tillitsvalde skal i tillegg til opplæringa og få verktøy og støtte til det praktiske arbeidet. 

Tillitsvaldrolla er hovudoverskrift for grunnopplæringa. Under denne er det fem kjernetema som går att gjennom alle kursa, med ein nivåprogresjon.

TILLITSVALDROLLA

Arbeidet som tillitsvald skal vere handlingsretta og tufta på medvit om kva det inneber å vere tillitsvald i ei fagforeining, korleis ein er forplikta til å jobbe tett på medlemmene og korleis profesjonsforståing styrer mange av vala ein gjer.

Klubbarbeid og fagforeiningsmedvit

Hovudavtalen og medråderett

Lønns- og arbeidsvilkår

Profesjons-medvit

Kommuni-kasjons-ferdigheiter

TV1: Det startar lokalt

Det er lagt vekt på rolle- og oppgåveforståing, introduksjon til lov- og avtaleverk, og kva det vil seie at Utdanningsforbundet er ein profesjonsorganisasjon. 

TV1 vert gjennomført i og av lokallaget og samlar deltakarar frå alle medlemsgrupper og alle tariffområde.

Mål for TV1

  • Bli kjend med lokallaget

  • Bli tryggare i rolla som arbeidsplasstillitsvald

  • Få enkel innføring i forskjellen mellom arbeidsplasstillitsvald og hovudtillitsvald

  • Få enkel innføring i aktuelt lov- og avtaleverk

  • Få kunnskap om Utdanningsforbundet som profesjonsorganisasjon og Lærerprofesjonens etiske plattform

  • Bli kjed med informasjonskanalane i Utdanningsforbundet

  • Bli tryggare på å skulle gjennomføre klubbmøter og engasjere medlemmer

  • Få enkel innføring i personvern 

TV-guiden

Handbok for nye arbeidsplass-tillitsvalde

TV-guiden er ein del av grunnskuleringa Vi vil bruke guiden som eit oppslagsverk på nokre av oppgåvene.

Timeplanen

18.september

Kva skjer?

18.00 – 19.00

Velkomen, presentasjon og bli kjend

19.00 – 20.00

Kan nytte badeanlegg for dei som ynskjer det

20.00

Middag

19.september

Kva skjer?

09.00 – 10.00

OPPSTART

10.00 – 10.15

Pause

10.15 – 12.00

Casearbeid/Førelesing- Tillitsvaldrolla

12.00 – 12.45

Lunsj

12.45 – 13.45

Casearbeid/Førelesing framhald

13.45 – 14.00

Pause

14.00 – 14.45

Casearbeid, avrunding og førebuing TV2

Førebuing til kurset

Til kurset skal du ta med PC/NettbrettDehar rett tilpermisjon med lønn fordeltaking på kurset. Sjå informasjon i innkallinga til kurset.