Fedrelandet
Spesialvisning av Fedrelandet med regissørbesøk 26.september, kl.19.00 - 20.30. Regissør Margreth Olin tek turen til Volda for å prate litt om filmen sin etter visninga. Vi vil gjerne gje ein flott kinooppleving til medlemmane våre. Vi har 50 billettar til Fedrelandet som vi deler ut til dei som er først til mølla. Frist for påmelding for gratisbillettar er 19.september.