Medlemskveld med Leo Ajkic

14. september 2022 kl 18.00 inviterer vi til medlemskveld med Leo Ajkic. Tema vil vere barn, unge og integrering, eit tema som er høgst aktuelt. Ver merksam på at det er "først til mølla" når plassane skal fordelast.

Dette kurset er gjennomført

Om kurset

Hvor og når?
onsdag 14. sep. kl. 18:00 - 19:30

Scandic Parken

Storgata 16, 6002 ÅLESUND

Vis i Google Maps
Påmeldingsfrist

09.09.2022

Praktisk ansvarlig

Anette Korsnes Andersen
E-post: [email protected]
Telefon: 98636134

Leo er ein innovativ, fryktlaus og engasjert mediepersonlegheit med mange år erfaring frå radio og TV. Han har sidan 2010 leia og delteke i ei imponerande rekkje produksjonar innan radio og TV. Det nyaste tilskotet i karriera, serien Uro på NRK, er ikkje eit unntak.

Leo sin ærlege, direkte dialog og særegne evne til å formidle latter, varme og gjennomtenkte augeblikk har samla oss gjennom program som Leo og de utstøtte, U-landslaget, Typen Til, Leos reise og Flukt. For sitt arbeid med Flukt vant Leo Fritt Ords Hederspris. Serien vant også Beste dokumentarserie på Gullruten, og Leo vant prisen for Beste mannlige programleiar.

Med eit brennande sosialt engasjement og utradisjonell tilnærming til både dei store og små spørsmåla i livet, held Leo Ajkic fram med å utfordre normer og flytte grenser.