Årsmøte i Utdanningsforbundet Stranda vert avvikla onsdag 10. april 2024 klokka 18.00 i kantina ved Stranda videregåande skule.
Innlegg ved representant frå UDF Møre og Romsdal.
Kulturelt innslag.
Saker:
Konstituering
Årsmelding og rekneskap
Budsjett
Innmelde saker
Val
Vi ber klubbane og/eller medlemmar om å melde saker til behandling på årsmøte innan tysdag 19. mars 2024 til lokallagsstyret på epost [email protected].
Endeleg sakliste og fullstendige dokument blir sendt ut på e-post til alle medlemmar og registrerte pensjonistmedlemmar den 21. mars.
Mat og sosialt samvær etter sakene. Trekking av premiar til møtande medlemmar.
Påmelding på Min Side på Utdanningsforbundet.no eller på epost til [email protected] innan 5. april.