Årsmøte 2025 Utdanningsforbundet Ørsta

Vel møtt til årsmøte 9. april 2025, kl 18.00-20.00 på Havila Hotel Ivar Aasen.

Påmeldingsfristen til dette kurset har utløpt

Om møtet

  • Kulturskulen bles bokstaveleg talt i gang årsmøtet

  • Etter årsmøtet vert det servert toretters middag, sjå meny under*

  • Årsmøtesaker - sjå vedlegg med endeleg kunngjering, sakliste m.m. Pga. sjukdom sentralt har vi enno ikkje fått tilsendt endeleg rekneskap for 2024. Vi vil ettersende dette til påmelde og ev. andre som etterspør dette.

  • Innlegg med nytt frå Utdanningsforbundet ved Marit Lillestøl, leiarrepresentant i fylkesstyret. 

  • Gåvekortdryss, meir info under**

Bindande påmeldingvianettsida til lokallaget innan 28. mars. Vert du forhindra frå å møte, er siste avmeldingsfrist 4. april*** 

* Meny: Svinenakke med potetkrem, rotgrønsaker og soppsaus. Panna cotta med bringebærsirup og friske bær til dessert.

**  Gåvekortdryss til klubben med størst oppmøte, og klubben med størst prosentvis oppmøte i høve til storleik på klubb. Gåvekort på Føniks Kaffihus. Det vert også trekt nokre gåver mellom dei frammøtte. 

*** Styrevedtak, sak 31/24: Arrangement med matservering eller plassbillett, skal ha ein tydeleg siste frist for avmelding. Ved manglande oppmøte eller for sein avmelding, vert det kravd ein eigendel som dekkjer halve beløpet. (Dette styrevedtaket vart gjort etter tilbakemelding frå medlemane som deltok på årsmøtet i 2024.)

Vi gler oss til å sjå deg! 

Styret i Utdanningsforbundet Ørsta