Årsmøte Utdanningsforbundet Ørsta

Lokallaget i Ørsta arrangerer årsmøte 5. april. Årsmøtet er ope for alle medlemmar i lokallaget.

Dette kurset er gjennomført

Om møtet

Den formelle delen av årsmøtet vert mellom kl. 18.00 - 20.00. I denne delen vert følgjande saker behandla:
- Konstituering
- Årsmelding
- Budsjett og rekneskap
- Val
- Prioriterte oppgåver i lokallaget.
- Innkomne saker

Ca. kl. 20.00 er det årsmøtemiddag.

Dersom klubbar/medlemmar har saker de ønskjer skal takast opp på årsmøtet, meld til lokallagsleiar innan 18. mars. Endeleg innkalling m/sakliste kjem to veker før årsmøtet. (jfr. Vedtektene § 57.4).

Årsmøtet er gratis for alle medlemmar. 

NB: Dersom det av smittevernomsyn ikkje kan arrangerast årsmøte med fysisk oppmøte, vil det bli endra til digitalt møte.