Velkomne til nytt barnehage- og skuleår!

Publisert: 22.08.2023

Måndag 21. august starta nytt barnehage- og skuleår for barn og elevar i Vestre Slidre kommune. I tillegg fekk me to gladnyheiter!

Som min fyrste nyheit som nyvald hovudtillitsvald og lokallagsleiar, vil eg fyrst og fremst seie: hei! Mitt navn er Ingrid Hambro Haugland, 25 år frå Røn. Eg gleder meg til å ta fatt på nye oppgåver og utfordringar i forbindelse med mitt verv! Eg kan nås på mobilnummer 94836534, mail [email protected]. / [email protected]

Så, til det viktigaste: vel overstått fyrste dag med barn og elevar til stades! Sjølv gleda eg meg stort til å starte eit nytt år, og eg håpar og trur at de andre lærarar kjenner på dei same kjenslene.

I går kom gladnyheita om at regjeringa legg planer vedrørande retten til kvalifisert lærar, noko organisasjonen har arbeida for i fleire år. Dette er eit godt steg i rett retning! Les meir her: https://www.utdanningsforbundet.no/nyheter/2023/vil-sikre-elevene-larerutdannede-larere/

I tillegg vart barnehagesatsinga lansert i går. I forbindelse med kommuneval rett rundt hjørnet, har Utdanningsforbundet beskreve to konkrete mål som me vil arbeide mot: fleire barnehagelærarar og auka bemanning, og lærarutdanna lærarar til alle elevar! Sjå Steffen Handal snakke om fyrstnemnde under Arendalsuka her: https://www.utdanningsforbundet.no/nyheter/2023/tid-for-de-minste/

Me sjåast!

Ingrid