KS tar skeia i eiga hand!

KS hevdar at dei har fått mandat til å prioritere helsesektoren og nedprioritere lærarane. Men er det eigentleg rett? Me trur at KS har handla på eigne vegne i dette lønnsoppgjeret. Er KS blitt litt som Louis Quatorze,- «staten det er meg»? Eller som «stat i staten» (Théodore-Agrippa d'Aubigné). Har dei teke skeia i eige hand?

Lærarorganisasjonane har alle sagt nei til Riksmeklaren sitt forslag til løysing for lønn i kommunal sektor. Innrettinga for oppgjeret var feil, meiner dei.

Tabellen under syner at alle lærarar med fleire enn 4 år med utdanning ligg godt under ramma for frontfaget. Frontfaget er lønna for ein industriarbeidar. Der ligg no veksten i lønna på 3,7 %. Resten av offentleg sektor fekk 3,84 %. Dette er provoserande fordi det tyder at lærarane ennå ein gong står att som taparar når det gjeld løn. Noko bra signal til dei som ynskjer å bli lærarar er dette ikkje!

 

KS hevdar at dei har fått mandat til å prioritere helsesektoren og nedprioritere lærarane. Men er det eigentleg rett? Både politikarar sentralt (ikkje minst frå dei som ventar på toget frå Hurdal) og dei lokalt pratar varmt om det å satse på skule. Me veit at særs mange politikarar har genuine ambisjonar for skulen i si bygd. Korleis heng dette på greip? 

 

Me trur at KS har handla på eigne vegne i dette lønnsoppgjeret. Meiner politikarane at skule skal nedprioriterast? Me veit at det ikkje er rett!  Er det ikkje så viktig at den som står i klasserommet er ein utdanna lærar? For som lærar må ein nemleg ha meir enn 4 år med utdanning. Er KS blitt litt som Louis Quatorze,- «staten det er meg»? Eller som «stat i staten» (Théodore-Agrippa d'Aubigné). Har dei teke skeia i eige hand?

 

Leiar av Utdanningsforbundet i Innlandet; Thore Johan Nærbøe og Nestleiar Torill Beitdokken spør seg dette i eit brev som vart sendt til politikarar i Innlandet. Er dei eigentleg klar over kva som held på å skje?  I 37 av 42 kommunar har politikarane berre kopiert KS  sitt saksframlegg som legg føringar framtida i kommunesektoren.
Dei spør:

  • Stiller ditt parti seg bak den stadige nedprioriteringen av lærerlønninger som KS står for?
  • Står du som kommunepolitiker inne for KS sine uttalelser om mandat, der de hevder at dette kommer fra kommunestyrer landet over?

Brevet finn du som vedlegg lenger ned.
Sjå og saka på UDF Innlandet sine nettsider.