Ikkje kutt i skulefagleg kompetanse i administrajonen!

Kommunen skal omorganiserast. Frå å ha ein leiar for oppvekst og kultur er det føreslege at ein del av ein rådgjevarstilling skal dekke dette. Me i Utdanningsforbundet er kritiske. Vil dette gje oss betre skular og barnehagar?

Opprop 

Hald på den skulefaglege kompetansen i kommunen! Kommunen er inne ein prosess med omorganisering. Dette er knytt til auka behov i helsesektoren og fallande elevtal. Kommunen skal og byggje ny sjukeheim til over 200 millionar kroner.

Slik det har vore hittil har me hatt ein eigen etat som heiter oppvekst og kultur. Her har me hatt Gunhild Røyne som kommunalsjef. Dei to andre etatane er Landbruk, næring og teknisk, og helse og omsorg. No ynskjer kommunedirektør å slå saman helse og omsorg, og oppvekst og kultur til ein etat. Dette for å få til betre tverrfagleg samarbeid og for å spare pengar. Gunhild Røyne går no over i ny regional prosjektstilling som leiar av «Oppvekstløftet». Da blir stillinga ledig. Denne skal ikkje lysast ut. Men heller sjå på organiseringa med nye auge.

Slik det er tenkt no vil ein ha ein etatsjef for heile helse, omsorg, oppvekst og kultur, utan eigen stilling for oppvekst og kultur. I fyrste forslag var det ikkje inne eigen fagperson i administrasjonen knytt til skule og barnehage i det heile teke. Etter press frå bl. a Utdanningsforbundet er dette endra. No er det tenkt at det skal knytast ein eigen rådgjevar til heile denne etaten. Spørsmålet er då om det skulefaglege blir ivareteke på ein skikkeleg måte? Dette tyder at EIN stilling som rådgjevar skal dekke ein særs stor etat.

Me i Utdanningsforbundet i Vestre Slidre er bekymra for om det skulefaglege blir ivareteke med ei slik løysing. Me meiner at det bør vere ei heil stilling dedikert til barnehage og skule. Me er og redde for at fleire og fleire administrative oppgåver blir dytta nedover til styrar og rektor. Det gjer at dei får mindre tid til det dei skal gjere; pedagogisk leiing. Utdanningsforbundet meiner at dette er det motsette av å satse på skule.

Kvalitet i skule og barnehage er viktig for oss.
Me trur og at det er viktig for familiar busett i kommunen og for dei som tenkjer på å flytte hit.


Det er vidare tenkt ein eigen virksomhetsleiar for familie, helse og førebygging. Dette er bra. Helse har då ei øyremerka stilling. Men da bør skule, barnehage og kultur få ein tilsvarande øyremerka stilling, meiner Utdanningsforbundet. Vidare skal rektor/styrar bli virksomhetsleiarar . Dette er ei endring som kan tyde på at fleire oppgåver leggjast ned til rektor og styrar.

Me i Utdanningsforbundet meiner at det må vere nokon som skal ha oppgåva som støtte, rådgjeving og utvikling av skule og barnehage i administrasjonen som har skulefagleg/pedagogisk kompetanse. Med auka krav til skulen, nye læreplanar og nye flyktningar i skule og barnehage er dette IKKJE rette vegen å gå.

Me i styret i Utdanningsforbundet i Vestre Slidre ber om at du som medlem skriv under på dette oppropet! Ved å svare ja på e-post du fekk eller opprop på arbeidsplassen kan me gje eit viktig signal no. Utlysing av nye stillingar har frist 18.04 Leiinga i kommunen ynskjer å få dette på plass fort. Derfor er det viktig å seie frå no!