Ein fantastisk medlemskveld med Finjord

Publisert: 31.05.2024

Rundt 80 frammøtte fekk oppleve eit forrykende foredrag av Roger Finjord i Inntunet på Vinstra.

Lokallagsstyra i Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu arrangerte felles medlemskveld torsdag 30.mai. Foredragshalder for kvelden var Roger Finjord, tidlegare toppfotballtrenar, sjakkspelar og idrettsleiar.

Tema for foredraget var Jakten på det gode laget. Med humør og seriøsitet hand i hand delte han historier om røtter, stolthet og identitet. Eit viktig omgrep som gjekk att var raushet - det å unne og beundre andre.

Som tidlegare fotballtrenar tok han oss med inn i garderoba og kor viktig garderobelukta er for å bygge eit godt arbeidsmiljø. Han viste m.a. til garderobeloven: "Det er ditt ansvar at dine kollegaer dreg heim og gleder seg til å møte deg att!"

Dei frammøtte fekk servert wraps med kylling og pulled pork, samt gulrotkake og napoleonskake. Takk til alle som deltok og ein stor takk til Roger Finjord for eit flott foredrag!