Utdanningsforbundet i Valle ynskjer dykk velkomne til Jolemøte 2022.
Me set stor pris på medlemene våre, og vil gjerne spandere ein middag på dykk for å markere året som har gått.
Møtet vert uformelt, utan sakliste eller agenda. Skulle nokon likevel ynskje å seie noko om saker som vedkjem forbundet, vil det sjølvsagt vere høve til det.
Dersom nokon har underhaldningsbidrag, kan dette meldast inn til lokallagsleiar i forkant av møtet.
Meny:
Hovudrett: Boeuf Bourguignon
Dessert: Plommekompott m/karamelliserte nøtter og krem