Rådgivarrolla i norske skular

Rådgiving og karriererettleiing må vere godt forankra i utdanningssektoren og bli utført av dei som har førstehandkjennskap til eleven.

  • At rådgivingstenesta må styrkjast, og dei ulike funksjonane til rådgivingstenesta må synleggjerast.
  • At det heilskaplege systemet for livslang rådgiving og karriererettleiing må bli styrka i alle ledd.
  • At rådgiving må vere godt forankra i utdanningssektoren, og at tidsressursen til rådgiving må bli styrka gjennom friske midlar frå staten – slik at ein kan finansiere ein avtalefesta dobling i tidsressursen til rådgiving i skulen.
  • Ein må også sikre tidsressurs til sosiallærarar og sosialpedagogiske tenester, også på barnetrinnet.At stadleg rådgiving på eigen skule, gjensidig tillit, kjennskap til dei som skal bli rettleia og ein låg terskel, er sentrale vilkår for god rådgiving.
  • At det skal vere minst ein rådgivar på kvar skule, og at rådgivar skal vere utdanna lærarar.
  • At eit eventuelt system for nettbasert rettleiing må fungere som eit supplement til andre tenester, og bli utvikla med medverknad frå praksisfeltet.
  • At rådgiving bør vere ein rettighet for elevar og lærlingar.
  • At vaksne elevar/deltakarar skal ha rett til rådgiving , og treng ein stadleg rådgivar i vaksenopplæringa.
  • At det er avgjerande at det blir stilt krav om kompetanse  for dei som arbeider med rådgiving, og at det blir lagt til rette for  kompetanseutvikling.
  • At kjønnsperspektivet og det fleirkulturelle perspektiveter sentralt for arbeidet til og kompetanseutviklingstilbodet til rådgivarane.

Utdanningsforbundet meiner det er viktig å bygge vidare på og styrke dagens system for rådgiving og karriererettleiing. Sentrale tiltak for å få til dette er å tydeleggjere ansvar, roller og oppgåver på nasjonalt og regionalt nivå – samt å styrke feltet med friske statlege midlar. For å få eit berekraftig system må det bli styrka i alle ledd, samstundes som ein jobbar for ei betre integrering og samordning av arbeidet til ulike sektorar og aktørar.

Det er også sentralt at tenestene utfyller kvarandre og gjev tilgang til både rettleiing ansikt-til-ansikt, kollektive og individuelle tilbod og ulike nettbaserte tenester.

Grunnopplæringa og utdanningssystemet i stort er sentrale på systemnivå, og rådgivar er nøkkelaktørar i praksisfeltet. Vi treng ei sterk satsing på menneska i desse tenestene og ei god forankring i utdanningssystemet for å styrke det heilskaplege systemet.

Utdanningsforbundet meiner det er behov for å presisere i lov eller forskrift kva som er formålet med rådgivinga, og kva oppgåver og ansvar ein skal ha som rådgivar, blant anna for å unngå at det stadig blir fylt på med oppgåver som ikkje heng saman med rådgivaroppdraget.

Rådgiving må bli utført av dei som har førstehandskjennskap til eleven - ikkje av eit profesjonalisert apparat som er fjernt frå skulekvardagen. At tenestene er lokalisert og integrert i skulen, gjev eit betre grunnlag for å sjå «heile eleven», som person og som lærande, ved at ein er tett på og forstår eleven sin skulekvardag og kompetanse. Fleire studiar viser at det personlege forholdet til rådgivar, er essensielt. 

Å styrke og vidareutvikle dei fylkesvise partnarskapa og karrieresentra vil vere sentralt for å sikre samarbeid mellom ulike aktørar og er eit viktig element for regionalt og nasjonalt kompetansepolitisk arbeid.

Rådgiving handlar i stor grad om læring og kompetansar som elevane treng i eit livslangt perspektiv og må av den grunn bli sett på som ein del av framtidas skule.

Rådgiving i grunnopplæringa

Utdanningsforbundet har i lengre tid støtta ei deling mellom den sosialpedagogiske rådgivingaog utdannings- og yrkesrettleiinga. Erfaringar viser at dette lettare sikrar ressurstilgangen til begge funksjonane – og ein kan få meir tid og innsikt i det fagfeltet ein arbeidar innanfor – noko som igjen gjev auka profesjonalitet.

Samtidig må funksjonane bli sett i samanheng. Svært mange av elevane som treng hjelp knytt til utdanning og yrkesval, treng også hjelp knytt til sosiale og personlegeforhold. Det tette sambandet mellom utdannings- og yrkesrettleiing og sosialpedagogisk rådgiving er ein av årsakene til at Utdanningsforbundet meiner at desse tenestene må vere integrert i skulen.

Det er sentralt med godt samarbeid mellom dei ulike aktørane som jobbar med og for elevane. Stabilitet, føreseielegheit og tryggleik er nøkkelfaktorar som elevane må oppleve med tenesta. Utdanningsforbundet meiner det innanfor grunnopplæringa er viktig å slå fast to prinsipp: at det skal vere minst ein rådgivar på kvar skule og at rådgivarar skal vere utdanna lærarar.

Organiseringa og kvaliteten på tenesta heng uløyseleg saman med finansieringa og disponeringa. Rådgivarane i skulen har fått eit auka omfang av oppgåver, ei meir kompleks elevgruppe og ein meir mangfaldig utdannings- og arbeidsmarknad å navigere i. Forskinga er tydeleg på at dagens rådgivarressurs avgrensar høvet til å følgje opp alle presiseringar i forskrifta knytt til elevane sine rettar og rådgivar si rolle og oppgåver (Buland, Mathiesen og Mordal 2014).

Det er staten som har ansvar for å sikre den nasjonale kvaliteten på tilbodet. Eit viktig vilkår for å styrke rådgiving i grunnopplæringa er at staten stiller friske midlar til disposisjon for kommunane slik at ein kan finansiere ein avtalefesta dobling i tidsressursen til rådgiving i skulen. Ein styrka ressurs må gjelde begge former for rådgiving.

Andre delar av utdanningssystemet

Utdanningsforbundet meiner at fagskulen er ein viktig vidareutdannings- og karriereutviklingsveg og meiner det er sentralt at dei som arbeider med utdannings- og yrkesrådgivning har kjennskap til og kompetanse knytt til dei moglegheitene fagskulen har å by på.

Utdanningsforbundet er også opptatt av at studentar skal ha tilgang til gode tenester ved sine universitet/høgskular. Det er sentralt med eit godt samarbeid mellom karrieretenestane, leiinga og vitskapleg tilsette på institusjonen - om ulike karriererettleiingstilbod. Samarbeid med arbeidslivet og planlegging av praksisperiodar og ekskursjonar til lokalt næringsliv er eksempel på interessante tema ein kan ta opp i eit slikt samarbeid.

Dette samarbeidet må også bli sett i samanheng med samarbeidsrelasjonar med andre aktørar, mellom anna vidaregåande skular. Utdanningsforbundet er positive til å styrke kunnskapsgrunnlaget for karriererettleiing i sektoren, både på generell basis, men også spesielt i universitets- og høgskulesektoren. Kva inneber god karriererettleiing i denne sektoren?

Eit styrka, lovfesta rådgivingstilbod for vaksne og innvandrarar

Utdanningsforbundet har ved fleire høve tatt til orde for eit styrka, lovfesta rådgivingstilbod for vaksne, samt rett til kontaktlærar. Dette er viktig i arbeidet med betre integrering, og for at vaksne skal delta med suksess i formell vaksenopplæring og andre kompetansehevingstiltak, samt for å styrke norsk kompetansepolitikk. Opplæringslova slår i dag fast at kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at deltakarar i den førebuande og den vidaregåande opplæringa for vaksne får rådgiving om utdannings- og yrkesval (§ 19 – 12). Organisering og finansiering er likevel like viktig som lovpålegginga.

Det er svært viktig med eit lovfesta tilbod som kan medverke til å kartlegge kompetansebehov, rettar, interesser og føresetnader, samt å informere om aktuelle opplæringstilbod og kunne støtte opp under sosial og emosjonell utvikling. Det er eit poeng at rådgivaren kjenner elevane og kan vere i tett dialog med både eleven og læraren.

Utdanningsforbundet meiner at ein i tillegg til å ha tilgang til karrieresentra, må få til ein lovfesta rett til stadleg rådgiving for vaksne som får opplæring etter opplæringslova og/eller introduksjonslova. Stadleg rådgiving, både om utdannings og yrkesval og om sosiale og personlege forhold møter betre behova i målgruppa, mellom anna ved å sikre relasjonen mellom elev og rådgivar. Utdanningsforbundet meiner også at det er sentralt at sektorane legg til rette for særskilt målgruppetilpassing ved bruk av fleirspråklege ressursar, som for eksempel tolketenester.

Rådgiving for lærlingar

Ifølgje Opplæringslova skal fylkeskommunen sørgje for at dei som har læretid i bedrift, har tilgang til rådgiving om utdannings- og yrkesval og om sosiale og personlege forhold (§§ 16-1, 16-2). Fylkeskommunen avgjer sjølve kvar dei ønskjer å tilby rådgivinga. Med ei slik plikt er det sentralt å også  sikre at rådgivarar har kompetanse og nettverk knytt til denne delen av opplæringa.

Det er viktig for at denne retten er reell, at det vert tydeleg avklara kven som har ansvaret for å gje lærlingane tilbodet, og at det blir justert opp med ressursar tilsvarande tal på lærlingar.

Kompetansekrav

Utdanningsforbundet meiner at nasjonale kompetansekrav for dei som skal arbeide med rådgiving, vil kunne vere med på å profesjonalisere og styrke tenesta. Vi meiner at eit realistisk og tilstrekkeleg krav til kompetanse er 60 studiepoeng, ut over lærarutdanning.

Breiddekompetanse, erfaring frå arbeidslivet og med arbeid med ungdom kan vere like nyttig som spisskompetanse. Utdanningsforbundet meiner at å ha lærarutdanning som kompetansebakgrunn bør vere eit krav når ein skal arbeide med rådgiving, og at framtidas rådgivar i grunnopplæringa bør vere ein del av lærarprofesjonen og undervisningspersonalet.

Dette gjev ein betre pedagogisk kompetanse og kjennskap til skulen, utdanningssystemet og elevane. Ei balanse mellom kunnskap og erfaringar knytt til utdanning, arbeidsliv, sosialpedagogiske utfordringar og etikk er sentralt.

For meir informasjon om kompetanse sjå: https://www.utdanningsforbundet.no/medlemsgrupper/radgjeving-og-karriererettleiing/kompetanse-radgjevarar-og-karriererettleiarar/

Kjønnsperspektiv og fleirkulturelle perspektiv må bli styrka

Fleire forskingsrapportar viser til at kjønnstradisjonelle val er eit ikkje-tema blant rådgivarar i skulen, og at dei opplever dette som ein vanskeleg tematikk å arbeide med.

Dette er sentralt å styrke også innan dei andre sektorane som tilbyr rådgiving/karriererettleiing. For å få til dette er det sentralt at rådgivarar og karriererettleiarar har nok kompetanse og verktøy til å ta tak i dette viktige temaet, også med tanke på det samiske perspektivet. Utdanningsforbundet meiner at eit sentralt tiltak er å sørge for at kjønnsperspektiv og fleirkulturelle perspektiv må inn som viktige element i etter- og vidareutdanninga til rådgivarar og karriererettleiarar.