Emosjonelle og relasjonelle krav i arbeidslivet – barnehage- og grunnskulelærarar sine erfaringar

Korleis verkar emosjonelle og relasjonelle krav inn på arbeidstakarar som arbeider for og med menneskjer?

Les Emosjonelle og relasjonelle krav i arbeidslivet – barnehage- og grunnskulelærarar sine erfaringar. Faktaark 3:2024

Forskingsinstituttet SINTEF har gjennomført eit forskingsprosjekt om korleis emosjonelle og relasjonelle krav verkar inn på arbeidstakarar som arbeider for og med menneskjer (Buvik, Thun & Ose, 2023).

Omgrepet «emosjonelle jobbkrav» vert brukt innanfor arbeidsmiljøforskinga om dei kjenslemessige krava som vert stilt til ein arbeidstakar i møte med andre. Emosjonelle eller kjenslemessige krav er dei aspekta ved jobben som krev vedvarande kjenslemessig innsats (Buvik, Thun & Ose, 2023).

Bakgrunn og føremål

Forskingsprosjektet er gjort på oppdrag frå Unio, Utdanningsforbundet sin hovudorganisasjon, som har ønskt å lyfte dette for sine yrkesgrupper. Dette er yrker som er tett på menneskjer og eksponerast for andre sine kjensler i det daglege.

Om SINTEF-rapporten

Dei fem yrkesgruppene som undersøkast i rapporten Relasjonelle og emosjonelle krav og belastninger i arbeidet (Buvik, Thun & Ose, 2023) er sjukepleiarar, politi, fysioterapeutar, grunnskulelærarar og barnehagelærarar. Dette faktaarket set søkelyset på funna for barnehage- og grunnskulelærarar.

I prosjektet er det gjennomført gruppeintervju for barnehagelærarar og grunnskulelærarar, to individuelle intervju med rektorar i skulen og styrarar i barnehagen og eit fokusgruppeintervju med deltakarar frå Utdanningsforbundet sitt sekretariat og sentralstyre. I tillegg vart det sendt ut ei spørjeundersøking til barnehagelærarar og grunnskulelærarar.

Hovudfunn

Både barnehage- og grunnskulelærarar beskriv at det er givande å ta del i born og unge si utvikling over tid, gi tryggleik og få ta del i deira meistring. Dei vanlegaste emosjonelle og relasjonelle krava til lærarar i barnehagen og i grunnskulen er å kjenne på ikkje å strekkje til på arbeidsplassen og på eit ansvar for andre menneskjer.

Positive sider ved emosjonelt arbeid

Barnehagelærarane nemner i intervjua at arbeid med unge er både givande og positivt. Dette kjem fram i form av glede, tillit og sterke band til borna. Dei legg til at det er positivt å sjå korleis borna meistrar nye ting ved å øve og når dei lærar å regulere kjenslene sine. I spørjeundersøkinga svarar barnehagelærarane at det er fint å vera ein støttespelar, ein trygg vaksen, å få vera i aktivitet heile dagen, å byggje eit team som samarbeider og å oppfylle samfunnsmandatet til barnehagen.

Grunnskulelærarane seier i intervjua at det å fylje elevane over tid og verte kjent med dei er det som er mest positivt og givande. Ein får sjå elevane meistre både det sosiale og det faglege, og ein får også eit unikt innblikk i korleis barn og ungdommar er med kvarandre og det gode dei gjer med kvarandre. I spørjeundersøkinga svarar grunnskulelærarane at dei opplever det positivt å kunne gi meistringskjensle, tryggleik og kunnskap. Andre positive sider inkluderer det å få læra av elevane, å få moglegheit til å utfordre haldningar og å ta del i elevane si utvikling over tid.

Omfang av relasjonelle og emosjonelle krav

Spørjeundersøkinga ser på omfang, handtering og konsekvensar av emosjonelle og relasjonelle krav.

Figur 1: Emosjonelle krav fordelt på yrkesgrupper. Prosent

Figur 1: Emosjonelle krav fordelt på yrkesgrupper. Prosent

Barnehagelærarane skårar høgast av alle fem yrkesgrupper på spørsmålet om arbeidet deira set dei i kjenslemessig krevjande situasjonar (72 prosent), samstundes skårar dei lågast når det kjem til at ein ikkje kan uttrykkje si eiga meining. 72 prosent av grunnskulelærarane svarar at dei ofte eller alltid må handtere andre folk sine personlege problem, to prosentpoeng under gruppa som skårar høgast, politiet.

I tabell 1 ser ein at barnehage- og grunnskulelærarar kjenner på å ikkje strekke til på arbeidsplassen. Denne belastinga kjem øvst på lista over dei fem vanlegaste relasjonelle og emosjonelle belastingane for både grunnskulelærarar og barnehagelærarar. I tillegg kjem det å kjenne ansvaret for andre menneskjer.

Tabell 1: Fem vanlegaste relasjonelle og emosjonelle belastingar for barnehagelærarar og grunnskulelærarar

Barnehagelærarar

Grunnskolelærarar

Å kjenne på at en ikkje strekker til

Å kjenne på at en ikkje strekker til

Å være konstant til stades kjenslemessig

Å handtere misnøgde eller «krevjande» elevar/ barn

Å tilpasse seg andre menneskjer sine behov og kjensler kontinuerleg

Å ikkje klare å hjelpe andre menneskjer som trenger hjelp

Å kjenne på ansvaret for andre menneskjer

Å handtere misnøgde eller «krevjande» pårørande/ foreldre/ publikum/ innbyggjarar

Å gi av seg sjølv i relasjonen til andre menneskjer

Å kjenne på ansvaret for andre menneskjer

Givande sider ved emosjonelt arbeid

Barnehagelærarar og grunnskulelærarar vart spurde om kva forhold dei meina var positive og givande med jobben sin og svarar at det er møta dei har med menneskja i løpet av arbeidsdagen og det å sjå utvikling hjå andre menneskjer (sjå figur 2).

Figur 2: Prosent av ulike yrkesgrupper som svarar i stor eller svært stor grad på i kva grad dei opplever ulike forhold ved jobben som givande og positive

Figur 2: Prosent av ulike yrkesgrupper som svarar i stor eller svært stor grad på i kva grad dei opplever ulike forhold ved jobben som givande og positive

Vald og truslar

I spørjeundersøkinga fekk ein spørsmålet «Har du blitt utsett for fysisk vald på arbeidsplassen din dei siste 12 månadane?». Her kunne ein svare om dette var dagleg, kvar veke, månadleg eller nokon få gonger. 1 av 3 av grunnskulelærarane svarar bekreftande på at dei har vorte eksponert for fysisk vald i løpet av dei siste 12 månadane. 22 prosent av barnehagelærarane svarar det same. Overordna svarar 1 av 5 lærarar at arbeidsplassen i liten eller i svært liten grad har ei god handtering av hendingar med vald og truslar. Flest grunnskulelærarar svarar at dette ikkje er på plass (30 prosent). 1 av 4 barnehagelærarar meiner at arbeidsplassen i liten eller svært liten grad har ei god handtering av hendingar med utagering, vald og truslar.

Konsekvensar av emosjonelle krav og belastingar

Forskarane frå SINTEF konkluderer med at konsekvensane av emosjonelle krav og belastingar er samansett av ulike faktorar. Likevel kjem det fram at verknadane er størst for individet sjølv og at dette ikkje takast alvorleg nok. Konsekvensane av å stå i store emosjonelle krav er fleire, blant anna nemnast byrden på den enkelte og arbeidsmiljøet: tidleg avgang frå yrket, sjukefråvær, overgang til andre yrke, psykiske og fysiske belastingar.

Utdanningsforbundet meiner

I Utdanningsforbundet sitt politikkdokument «Vi utdannar Noreg» står det at ein må sjå læraren sitt arbeidsmiljø og barnehageborn og elevar sitt læringsmiljø i samanheng (Utdanningsforbundet, 2023a). Difor må det psykososiale arbeidet for born og elevar arbeidast med samstundes som lærarane sitt arbeidsmiljø og rettstryggleik vert ivareteke.

Utdanningsforbundet vedtok på landsmøtet i 2023 ein uttale om at vald, truslar og trakassering mot tilsette ikkje er ei privatsak, men eit arbeidsmiljøproblem. Det vert understreka at innsatsen for å førebyggje, avdekkje og handtere vald, truslar og trakassering mot tilsette må systematiserast og styrkast (Utdanningsforbundet, 2023b). Utdanningsforbundet samarbeider med Arbeidstilsynet, andre fagforeiningar og KS med å førebyggje og handtere vald, truslar og trakassering.

Utdanningsforbundet har føreslått ei nasjonal satsing på førebygging av utagering, vald og truslar i skulen. For å få gjort noko med denne utfordringa trengst det lærarutdanna lærarar, tilstrekkeleg med ressursar og ei gruppestorleik der det er mogeleg å fylje opp alle elevane (Utdanningsforbundet, 2024).

Kjelder:

Buvik, M.P., Thun, S. & Ose, S.O. (2023) Relasjonelle og emosjonelle krav og belastninger i arbeidet: En studie av omfang, håndtering og konsekvenser av relasjonelle og emosjonelle krav i arbeidet blant fem yrkesgrupper (SINTEF rapport 23:01366). SINTEF.

Utdanningsforbundet (2024): Høringssvar på representantforslag 64 S (2023–2024) om ytterligere tiltak for å bekjempe vold og trusler i norsk skole

Utdanningsforbundet (2023a): Vi utdanner Norge.

Utdanningsforbundet (2023b): Vold, trusler og trakassering mot ansatte er ikke en privatsak, det er et arbeidsmiljøproblem (LM-sak 8/23).

Denne publikasjonen er utarbeidd i seksjon for samfunn og analyse i sekretariatet i Utdanningsforbundet.

Publikasjonen er forankra i politikken og verdigrunnlaget til Utdanningsforbundet, men er ikkje behandla i dei politisk ansvarlege organa i Utdanningsforbundet før han vert offentleggjort.