Tilsette utan lærarutdanning som underviser i norsk skule. Kva fortel SSB-statistikken om utdanningsbakgrunn?

Kva utdanning har dei som er tilsett i ei undervisningsstilling i skulen, men som ikkje har lærarutdanning?

Les Tilsette utan lærarutdanning som underviser i norsk skule. Kva fortel SSB-statistikken om utdanningsbakgrunn? Faktaark 7:2023

Kva utdanning har dei som er tilsett i ei undervisningsstilling i skulen, men som ikkje har lærarutdanning? I dette faktaarket vert individdata frå Statistisk sentralbyrå (SSB) presentert som ei datakjelde som kan gi meir kunnskap om utdanningsbakgrunnen til denne gruppa i skulen.

I faktaark 2022:14 Statistikk om lærerkompetanse i skolen – ulike kilder, ulike tall (Utdanningsforbundet, 2022), vart det gjort greie for ulike kjelder for statistikk om tilsette i undervisningsstillingar i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Desse kjeldene overlappar og utfyller kvarandre delvis, og samlar inn, analyserer og viser ulike sider ved lærarkompetansen. Formålet med dette faktaarket, er å presentere statistikken frå SSB som viser kva utdanningsbakgrunn dei som underviser i grunnskulen og i vidaregåande opplæring har, når dei ikkje har lærarutdanning.

Nærmare om SSB-statistikken

Datamaterialet frå SSB visar kva utdanning tilsette i skulen har på individnivå. Dette visast i kva yrkesklassifisering dei som arbeider i skulen har. Yrkesklassifisering vert registrert i såkalla STYRK-kodar (standard for yrkesklassifisering). Alle registrerast med desse kodane, og dannar såleis grunnlaget for populasjonen (Utdanningsforbundet, 2022). SSB-tala er basert på faktiske årsverk gjennomført i ei veke i november, mens andre kjelder som Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) baserer seg på forventa bruk av vikarar i løpet av eitt år. SSB-statistikken dannar det beste overblikket over kva utdanning tilsette har. Styrken ligg i at statistikken inkluderer tal frå vidaregåande opplæring i tillegg til grunnskulen. I motsetning til GSI registrerer SSB-statistikken utdanningsbakgrunn ut ifrå fullførte studium, og ikkje individuelle kompetansevurderingar ved tilsetting. Slike kompetansevurderingar ved tilsetting kan variere frå skule til skule, visar rapporten frå Senter for økonomisk forsking, SØF (Iversen, Haraldsvik & Nyhus, 2021).

I SSB-statistikken vert all verksemd registrert for dei over 15 år som har utført arbeid av minst ein times varigheit. SSB-statistikken viser utdanningsnivået til den som utfører arbeidet og kan koplast til andre utdanningsdatabasar (Steffensen, 2018). Data inkluderer både bruken av vikarar og læraren det vikarierast for.

Tilsette utan godkjent lærarutdanning: Årsverk og utdanningsbakgrunn

I tabell 1 visast totale årsverk for dei utan godkjent eller bestått lærarutdanning . SSB skil mellom ulike grupper når dei samlar inn data om tilsette utan godkjent utdanning.

 

Denne statistikken kan også brytast ned på fylkesnivå.

Fyrste kategori inkluderer dei som har starta på, men ikkje har fullført lærarutdanning. I denne kategorien inkluderast blant anna dei som startar på lærarutdanninga, men ikkje fullfører, sidan ein kanskje startar å undervise i ein fulltidsjobb i staden for. Kategorien tek også med dei som startar på ei vidareutdanning utan å ha ei lærarutdanning i botnen.

Dei to neste kategoriane inkluderer dei med høgare eller lågare nivå høgskule- eller universitetsutdanning utan praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), det vil seie dei som har ein master- eller lågare grad, men manglar PPU.

Vidare kjem dei med ei teoretisk utdanning i pedagogikk som ikkje kvalifiserer til å undervise i skulen. Eit eksempel frå denne gruppa er dei som har fullført ein bachelorgrad i vernepleie og har eit årsstudium i spesialpedagogikk, eller at ein er utdanna barnehagelærar, men underviser i vidaregåande opplæring eller på ungdomstrinnet.

Siste kategori inkluderer dei med fullført vidaregåande utdanning eller eit lågare utdanningsnivå.

Tabell 1: Årsverk for tilsette utan godkjent lærarutdanning, 2021

Gruppe

Antall

Påbyrja, ikkje fullførte lærarutdanningar (inkludert fullførte vidareutdanningar for lærarar)

5 383

Universitets- og høgskuleutdanning, høgare nivå utan pedagogikk

1 356

Universitets- og høgskuleutdanning, lågare nivå utan pedagogikk

2 428

Fullført utdanning innanfor pedagogikk / utdanning i spesialpedagogikk / barnehagelærar

2 810

Vidaregåande skule eller lågare

3 198

Sum

15 175

Det er totalt registrert 85 155 årsverk i skulen for 2021.

17,8 prosent av desse er utført av arbeidstakarar utan godkjent lærarkompetanse. Når ein skil mellom årsverk i grunnskulen og i vidaregåande opplæring, ser ein at det er 21,1 prosent som arbeider i vidaregåande opplæring som ikkje har bestått eller fullført lærarutdanning. Denne gruppa utgjer 16,7 prosent i grunnskulen. Figur 1 under viser årsverk for alle utan godkjent eller bestått lærarutdanning fordelt på utdanningskategori for grunnskulen og vidaregåande opplæring.

Figur 1: Årsverk for tilsette utan lærarutdanning fordelt på utdanningsnivå for begge skuleslag, 2021

Fig_1_FA_07.23_Andre_y-grupper_web.jpg

I figur 1 ser ein at den største gruppa utan fullført eller godkjent lærarutdanning er dei med ei påbyrja, men ikkje fullført lærarutdanning. Gruppa utgjer 39 prosent i grunnskulen og 28 prosent i vidaregåande. Det er størst skilnad for gruppa med universitets- og høgskuleutdanning på høgare nivå. Denne gruppa utgjer 17 prosent av tilsette i vidaregåande opplæring og 6 prosent av tilsette i grunnskulen. Vidare ville det vore interessant å sjå på alderssamansetninga til denne gruppa, men det behandlar ikkje dette faktaarket.

Gruppa som har ein lågare universitets- eller høgskuleutdanning utan pedagogikk utgjer i grunnskulen 15 prosent og 18 prosent i vidaregåande opplæring. Det er altså meir vanleg for dei med ein høgare universitets- eller høgskulegrad å arbeide i vidaregåande opplæring.

Dei to siste kategoriane utgjer prosentvis omtrentleg same nivå på tvers av skuleslag. Dei med ein pedagogisk grad som ikkje kvalifiserer til å undervise i skulen utgjer i grunnskulen 19 prosent og 17 prosent i vidaregåande opplæring. Gruppa med dei som har fullført grunnskule eller vidaregåande opplæring, utgjer 21 prosent i grunnskulen og 20 prosent i vidaregåande opplæring.

Utvikling over tid

SSB-statistikken gjer det mogleg å fylje årsverk utan godkjent og bestått lærarutdanning over tid. Sidan 2015 og fram til 2021 utgjer denne gruppa i underkant av 20 prosent av årsverka. Ut ifrå samla årsverk visar figur 2 vidare kor stor del av denne prosentdelen som gjennomførast i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. I 2021 er det altså over 20 prosent av årsverka som er utført av tilsette utan ei godkjent lærarutdanning i vidaregåande skule, og over 15 prosent av totalen som gjennomførast i grunnskulen.

Over tid ser ein at vidaregåande har lege høgst over tid, med 25 prosent av totalen utan lærarutdanning i 2015. Fram mot 2021 har prosentdelen gått ned til rett over 20 prosent. I grunnskulen har delen vore meir stabil, på rundt 15 prosent frå 2015 til 2019. Det har samla sett vorte ein auke frå 2019 som kan forklarast med verknader av pandemien.

Figur 2: Årsverk utført av tilsette utan godkjent lærarutdanning, 2015–2021

Fig_2_FA_07.23__Andre_y-grupper_web.jpg

Datakjelder over tilsette utan lærarutdanning

SSB samlar detaljerte data om utdanningsbakgrunnen til grupper som underviser i norsk skule. I andre datakjelder, som for eksempel GSI, er det spørsmål om personen som vert tilsett er kvalifisert ifylgje opplæringslova. Ifylgje SSB-statistikken er det 17,8 prosent av dei totale årsverka for grunnskule og vidaregåande opplæring som er utført av arbeidstakarar utan godkjent lærarkompetanse. I dette faktaarket har ein fått tilgang på slik utdanningsbakgrunn og dette har bidrege til å gje ei klårare oversikt av kven denne gruppa utan lærarutdanning som underviser i skulen er.

Utdanningsforbundet meiner

I Utdanningsforbundets (2020) overordna politiske dokument Vi utdannar Noreg er det stadfesta at elevar har rett til kompetente lærarar uavhengig av kvar dei bur, eller kva morsmål dei har. Utdanningssektoren har store utfordringar når det kjem til rekruttering, og desse kan ein ikkje løyse gjennom snarvegar til lærarkompetanse. Skal ein gjennomføre eit likeverdig opplæringstilbod krev dette at undervisinga vert gitt av lærarar med godkjent og bestått lærarutdanning (Utdanningsforbundet, 2020).

Litteratur

Innholdet i denne publikasjonen er forankret i Utdanningsforbundets politikk og verdigrunnlag, men er ikke behandlet i Utdanningsforbundets politisk ansvarlige organer før den blir offentliggjort.