Læremiddelsituasjonen i norsk skule: arbeidsplasstillitsvalde si vurdering

Endringane i læreplanane etter innføringa av fagfornyinga gjorde at skulane i stor grad måtte skaffe seg nye læremidlar, både digitale og analoge. I val av læremiddel har arbeidsplasstillitsvalde ei viktig rolle.

Last ned Læremiddelsituasjonen i norsk skule: arbeidsplasstillitsvalde si vurdering. Rapport 2/2023

Samandrag

Læremiddelsituasjonen i norsk skule har vore følgt tett etter innføringa av Fagfornyinga (LK20). Endringane i læreplanane gjorde at skulane i stor grad måtte skaffe seg nye læremidlar, både digitale og analoge. Arbeidsplasstillitsvalde i Utdanningsforbundet har svart på ei undersøking i tidsrommet 17. januar til 6. februar 2023 om korleis situasjonen på deira skule er. Nedanfor fyljer hovudfunna frå undersøkinga.

Digitale og analoge læremiddel

Det var stor merksemd rundt digitale læremiddel etter innføringa av LK20, og ein ser i tidlegare undersøkingar at det var dette som det i stor grad vart satsa på i grunnskulen etter innføringa. Undersøkinga vinteren 2023 viser at det er ynskjeleg frå lærarar å nytta både digitale og analoge ressursar i skulen. Halvparten av arbeidsplasstillitsvalde svarar at det er planlagt å kjøpa inn både digitale og analoge læremiddel. 30 prosent svarar at dei planlegg å kjøpe inn lærebøker i hovudsak.

Skilnaden mellom grunnskulen og vidaregåande

Gjennomgåande i denne rapporten ser ein skilnadar mellom grunnskulen og i vidaregåande opplæring når det kjem til læremiddel. Ein ser på svara frå arbeidsplasstillitsvalde at det er ynskja frå lærarane ifrå vidaregåande skular, som i større grad vil nytta analoge læremiddel enn dei som arbeider i grunnskulen. Lærarane i grunnskulen ynskjer heller å nytta både digitale og analoge læremiddel i undervisninga. I tillegg ser ein skilnadar på skuletype når ein ser på vurderinga om kor fritt lærarane står til å velje analoge eller digitale læremiddel ved deira skule.

Læraren sin medverknad i valet av læremiddel

Undersøkinga viser at det er ulik grad av involvering av lærarane ved skulane. Arbeidsplasstillitsvalde melder om innføringar av nye system for fråværsføring, karaktersetjing og anna som hadde vorte gjort utan læraren si involvering. 60 prosent av arbeidsplasstillitsvalde frå vaksenopplæringa har vore inkludert i prosessen med innføringa av nye system, imens prosentandelen for grunnskulen og i vidaregåande opplæring er lågare (på 38 og 35 prosent).

Læremiddel på samisk og nynorsk

Eit anna tema i denne rapporten er i kor stor grad læremiddel er tilgjengeleg for dei som har samisk som fyrste- eller andrespråk. Arbeidsplasstillitsvalde som har elevar med samisk ved sin skule som fyrste- eller andrespråk, fekk spørsmål om i kor stor grad skulen deira har læremiddel tilgjengeleg på samisk. 28 prosent svarer at dette er tilgjengeleg i svært lita grad og det er også ein stor del som svarer at dei anten er usikker eller ikkje veit dette (34 prosent). Læremiddel skal vera tilgjengeleg for elevar uansett kva språk det er på. Når det kjem til elevane som har nynorsk som hovudmål, svarar 8 prosent at dei i svært lita grad har læremidlar tilgjengeleg på nynorsk til elevane som har dette som hovudmål. 37 prosent svarar at dei ikkje veit kva grad dette er tilgjengeleg for elevane som skriv nynorsk.

Utdanningsforbundet sin politikk

I val av læremiddel har arbeidsplasstillitsvalde ei viktig rolle, og er ein viktig aktør å ha med i arbeidet. Utdanningsforbundet meiner (sjå «Overordnede prinsipper for Utdanningsforbundets arbeid med læremidler i skolen») at skular og lærarar skal ha ei reell moglegheit til å velje og tilpassa læremiddel til den pedagogiske konteksten. Utdanningsforbundet meiner vidare at lærarprofesjonen skal spele ei sentral rolle i å velje ut, evaluere og vidareutvikle læremiddel, læringsplattformar, skuleadministrative system og andre IT-system og pedagogiske program («Vi utdannar Noreg»). Avgjersler på desse områda har stor innverknad på lærarane sitt daglege arbeid og moglegheitene dei har for å gjere ein best mogleg jobb. Dette prinsippet er like viktig på overordna nasjonalt nivå som det er i problemstillingar knytte til kvart enkelt klasserom («Overordnede prinsipper for Utdanningsforbundets arbeid med læremidler i skolen»).

Alle born, unge og vaksne som deltek i utdanning, må ha likeverdig tilgang til gode og relevante læremidlar uavhengig av funksjonsnivå, kva for ein kommune eller fylke dei bur i, kva for ein skule dei soknar til og kva slags fag/utdanningsprogram dei vel. Dei lovbestemde rettane til nynorskbrukarane samt brukarar av samisk og andre nasjonale minoritetsspråk må takast hand om spesielt. Det er myndigheitene sitt overordna ansvar å sørge for dette (ibid.).

Summary in English

The Curriculum Renewal for Norwegian schools (LK20) required a renewal of learning materials. Now in 2023, the reform has been applied for three years and the current situation for schools is explored in this report. We surveyed union representatives situated on the workplace level. These were union representatives from primary, lower- and upper secondary education. Topics included the digitalization of learning materials, and what the teachers saw as most beneficial for learning. In addition, the renewal of these materials was asked about. The union representatives reported that digital learning materials were mainly used in primary and lower secondary education. However, when asked if this was a wanted practice the teachers’ wishes includes both analogue and digital learning materials. In the upper secondary schools, the teachers leaned more towards analogue learning materials such as textbooks.

The teacher’s ability to impact decisions regarding learning materials is crucial to discuss. One central finding is that teachers in primary and lower upper secondary schools want to utilize different kinds of learning materials than what is distributed. The union representatives report across school type that 51 percent of teachers to some extent or to a large extent can choose analogue or digital learning materials. However, there are 45 percent that report that teachers to a small degree or to a very small degree can influence on these decisions. This was particularly apparent for teachers from the primary or lower secondary education.

The accessibility of these materials needs to be highlighted as well. For students speaking or writing something other than Norwegian, for example students having Sami as their first or second language, it is their right to get access to materials in their language of use. When the union representatives were asked how available learning materials were for students having Sami as their first or second language 28 percent answered that they were only available to a small extent.

Bakgrunn og formål

Fagfornyinga, eller Læreplan i Kunnskapsløftet (LK20) som vart innført frå hausten 2020 er den største endringa av læreplanane sidan Kunnskapsløftet i 2006. Med fagfornyinga kom eit behov for nye læremiddel. Det var forventa ein stor auke i andelen digitale læremiddel og ein tilsvarande reduksjon i dei papirbaserte. Samstundes har det heile tida vore stor debatt rundt kva læremiddel som eignar seg best. Er det dei digitale læremidla eller er det den gode gamle læreboka?

Dei største forlaga satsa i tida fram mot reforma stort på heildigitale læremiddel. Med koronapandemien blei skule- og kommuneøkonomien strammare. I kombinasjon med dette var dei statlege tilskotsordningane lågare samanlikna med læreplanreforma Kunnskapsløftet (LK06) i 2006. Difor frykta mange lærarar at det ville gå utover skulen si moglegheit til å fornya læremidlane. Utdanningsforbundet fekk meldingar frå medlemmane sine om store utfordringar knytt til manglande læremiddel. Den 30. mars 2023 kunne ein lese på Nrk.no om Alexander frå Blindheim ungdomsskole i Ålesund. Han har gitt opp på å ha nynorsk som hovudmål og viser til at dei digitale læremidla er for dårlege.

Ved overgangen frå analoge til digitale læremiddel er det dokumentert at avgjersler om læremiddelinnkjøp i større grad vert tekne på skuleeigarnivå og med mindre lærarmedverknad. Utdanningsforbundet meiner at det for skular og lærarar må finnast ei moglegheit til å velje og tilpasse læremiddel etter den pedagogiske konteksten. Det betyr at val av læremiddel ikkje kan takast for langt vekke frå klasserommet («Overordnede prinsipper for Utdanningsforbundets arbeid med læremidler i skolen»).

I vidaregåande opplæring brukte fylkeskommunane mykje ressursar på å oppdatere den heildigitale læremiddelportalen NDLA (Nasjonal digital læringsarena) til Fagfornyinga. NDLA er finansiert av fylkeskommunane i fellesskap, og budsjettet blei kraftig oppjustert i åra rundt fagfornyinga. Me må rekne med at auka i ressursar til NDLA har hatt ein negativ innverknad på innkjøp av læremiddel frå private tilbydarar.

Vinteren 2020 og 2021 gjennomførte Utdanningsforbundet spørjeundersøkingar om læremiddelsituasjonen blant sine tillitsvalde. Undersøkinga kartla blant anna (1) skulane sin bruk av digitale og analoge læremiddel, (2) skulane sine innkjøp av nye læremiddel og (3) kvar avgjerslene om kva som skal kjøpast inn vert tekne. Undersøkingane bekrefta situasjonsforståinga av at innføringa av nytt læreplanverk leid under mangel på læremiddel. For å fylje med på utviklinga vart det vinteren 2023 gjennomført ei ny undersøking blant tillitsvalde om læremiddelsituasjonen. Resultata av denne presenterast i denne rapporten.

Om undersøkinga

Undersøkinga vart gjennomført i tidsrommet 17. januar–6. februar 2023. Den blei sendt ut som ei nettundersøking til 3227 av Utdanningsforbundets arbeidsplasstillitsvalde i grunnskule, vidaregåande skule eller vaksenopplæring. Av desse svarte 1186 på undersøkinga. 12 av desse viste seg å vera utanfor målgruppa, enten fordi dei ikkje var tillitsvalde eller fordi dei ikkje jobba som lærar i grunnskulen, vidaregåande opplæring eller i vaksenopplæringa. Dette skuldast antakeleg at me ikkje hadde oppdatert registreringa av desse i medlemsregisteret. Med desse trekt ifrå gir det ein svarprosent på 36 prosent.

Les også 

Fagfornyelsen: status, ressurser og partssamarbeid på skolene 2022 – resultater fra en undersøkelse blant arbeidsplasstillitsvalgte. Rapport 2/2022

Fagfornyelsen: status, ressurser og partssamarbeid på skolene – resultater fra en undersøkelse blant arbeidsplasstillitsvalgte. Rapport 2/2021

Denne publikasjonen er utarbeidd i seksjon for samfunn og analyse i sekretariatet i Utdanningsforbundet.

Publikasjonen er forankra i politikken og verdigrunnlaget til Utdanningsforbundet, men er ikkje behandla i dei politisk ansvarlege organa i Utdanningsforbundet før han vert offentleggjort.