Om lærarrolla – rapport frå ei ekspertgruppe

Dette faktaarket presenterer hovudfunna i rapporten «Om lærerrollen», som blei publisert 20. juni 2016.

Om lærarrolla – rapport frå ei ekspertgruppe. Faktaark 2016:5

Se også den engelske versjonen: On the Role of the Teacher – report by an expert panel. Fact sheet 2016:5

Se også den spanske versjonen: Informe de un grupo de expertos sobre el rol docente. Hoja informativa 5/2016

Kunnskapsministaren sette den 27. juli 2015 ned ei ekspertgruppe som fram til 15. august 2016 skulle sjå nærare på lærarrolla. Gruppa har vore leia av professor Thomas Dahl, og arbeidet har resultert i boka «Om lærerrollen», som blei publisert 20. juni 2016. Dette faktaarket presenterer hovudfunna i rapporten.

Formålet med arbeidet har vore å gje eit kunnskapsgrunnlag som gir innsikt i lærarrolla i dag, sett i eit historisk perspektiv. Ekspertgruppa sitt mandat har vore å gje ei framstilling og ein analyse av (1) korleis lærarrolla og læraryrket sin status har utvikla seg over tid, (2) korleis lærarrolla blir utøvd i dag, og (3) korleis styrke og vidareutvikle lærarrolla.

Noko av bakgrunnen for oppnemninga av utvalet, var ei oppfatning av at sentrale partar innan utdanningssektoren opplever situasjonen i skulen ulikt. Dette gjeld ikkje minst i synet på korleis ei moderne lærarrolle bør utøvast.

Kva er hovudbodskapen i rapporten?

Lærarane har ein heilt avgjerande plass i kunnskapssamfunnet. Deira oppgåve med å gje elevane det nødvendige kunnskapsmessige og personlege grunnlaget for å delta i samfunnet, har gitt lærarane ein heilt sentral plass og eit heilt spesielt ansvar. Med den sterke vektlegginga av lærarane si samfunnsmessige betyding, har det i den offentlege debatten stadig vore reist spørsmål om kvaliteten på det arbeidet lærarane gjer er godt nok. Svaret på ønsket om å gjere lærarane betre, har vore profesjonalisering.

Eit gjennomgåande perspektiv i ekspertgruppa sitt arbeid er nettopp forholdet mellom profesjonalisering ovanfrå og profesjonalisering innanfrå. Rapporten seier at det ikkje er eit spørsmål om enten eller, men om å finne ein god balanse og leite fram til dei tiltaka som kan bidra til profesjonaliseringa. Det vert hevda at politikk som ikkje byggjer opp under lærarane sitt profesjonelle fellesskap, ikkje vil kunne tene noko formål.

Profesjonalisering og profesjonsfellesskap

Utviklinga av lærarrolla har dei siste par tiåra vore prega av ei spenning mellom det å bli profesjonalisert ovanfrå – frå sentrale og lokale myndigheiter, og å bli profesjonalisert innanfrå – frå lærarane sjølve. Gjennom 1980- og 90-åra blei profesjonsfellesskapa betydeleg svekka. Myndigheitene avvikla eit fagleg rådssystem med lange tradisjonar, og lærarorganisasjonane prioriterte kampen om lønn og arbeidstid framfor å forvalte faglege og etiske standardar. Krava som har vore fremma om profesjonalisering sidan årtusenskiftet, har i stor grad leia til ei profesjonalisering ovanfrå. I følgje ekspertgruppa har den delvis hatt til hensikt å kompensere for ein manglande profesjonalitet innanfrå.

Det blir hevda at lærarar ikkje har fått moglegheit til å utvikle eigne standardar for å sikre kvalitet i utøvinga av yrket, og at dei kanskje heller ikkje sjølve har gripe mogelegheitene i tilstrekkeleg grad.

Ekspertgruppa legg vekt på betydinga av eit profesjonsfellesskap som kan bidra til å utvikle ein profesjonell kunnskapsbase og drive aktiv skuleutvikling i samarbeid med skuleleiing, lokal skulemyndigheiter og eksterne interessentar. Ho argumenterer for at profesjonsfellesskapet kan utgjere ein formidlande instans mellom den enkelte yrkesutøvar og dei krav og forventningar som blir lagde på profesjonen frå myndigheitene og samfunnet.

Styrkje profesjonsfellesskapa

Ekspertgruppa meiner at profesjonsfellesskapa kan spele ei viktig rolle for endrings- og utviklingsarbeidet i skulen. Difor bør det rettast særleg merksemd mot organiseringa og innhaldet i profesjonsfellesskapa, ikkje berre på den enkelte skule, men også lokalt, regionalt og nasjonalt.

For å styrkje profesjonsfellesskapa tilrår utvalet følgjande:

  • Fellestida i skulen bør i større grad brukast på arbeid som er meint å styrkje kvaliteten på undervisninga til lærarane.
  • Styrkje teama på skulen.
  • Styrkje rolla skuleleiarar har som mentor for profesjonelle yrkesutøvarar.
  • Sørgje for at fellestida i skulen i større grad blir brukt på arbeid som styrkjer kvaliteten på undervisninga.
  • Leggje til rette for fleire arenaer for samarbeid, på tvers av skular og kommunar.
  • Lærarar bør ta initiativ til å virke i eit profesjonsfellesskap på tvers av skular.
  • Lærarprofesjonen bør vere i dialog med skulen sine interessentar, slik som føresette, lokalsamfunnet og arbeidslivet.

Differensiering av arbeidsoppgåver

Ekspertgruppa hevdar at lærarrolla er overbelasta med forventningar, og at lærarane sin arbeidskvardag blir stadig meir kompleks. Dei meiner derfor at det er behov for ein utvida kompetanse på skulen for å møte dei mange og samansette behova i ei stadig meir mangfaldig elevgruppe. Ved å opne opp skulen for andre profesjonar vil lærarane i større grad kunne konsentrere seg om undervisningsoppgåvene.

Utvalet foreslår følgjande tiltak:

  • Fleire profesjonar bør inn i skulen.
  • Utforske mogeligheita for ei sterkare differensiering av lærararbeidet.

Lærarutdanninga

Dei siste åra har ein tatt mange grep for å leggje rammer for ei lærarutdanning som svarar på skulen og samfunnet sitt behov, og leggje eit grunnlag for framtidsretta lærarroller. Ei sentral målsetjing har vore å heve dei faglege standardane, og auke læringstrykket. Sterkare grad av profesjonsretting og forskingsbasert kunnskap kan bidra til dette og til nye måtar å integrere teori og praksis. Masterutdanning kan være ei løysing. For å styrkje lærarutdanninga sitt bidrag til den framtidige lærarolla anbefalast følgjande:

  • Samarbeidet mellom høgare utdanning og skular bør styrkast.
  • Samarbeidet om oppfølging av nyutdanna lærarar bør styrkjast.
  • Samarbeidet om lærarane si kontinuerlige profesjonelle utvikling bør styrkjast.
  • Studentane sin kompetanse og ferdigheiter til å virke i eit profesjonsfellesskap bør styrkjast.
  • Utforske moglegheita til å styrkje samarbeid og integrasjon mellom lærarutdanning og skular gjennom å tilby delte stillingar til lærarar med mastergrad.
  • Sjå på nivået på og omfanget av den nasjonale styringa av lærarutdanningane.

Forskings- og utviklingsarbeid

Ekspertgruppa sin gjennomgang av den norske forskingslitteraturen viser at emna i forskinga i stor grad er henta frå politiske satsingsområder på skulefeltet, og at evaluering og diskusjon knytt til iverksetting og implementering av desse ofte står sentralt. Det er færre studiar som ser på lærarrolla nedanfrå og som primært er opptatt av lærarane sine eigne erfaringar. Dette har igjen betyding for kva slags bilete av lærarrolla studentane og lærarane møter i litteraturen. Med utgangspunkt i dette, ser ekspertgruppa eit behov for å styrkje fleire område innanfor forskinga på lærarrolla. Den legg spesielt vekt på følgjande:

  • Lærarar og forskingsmiljø bør samarbeide om forskings- og utviklingsarbeid.
  • Andelen kvantitative forskingsbidrag bør aukast.
  • Forsking på organisering av lærararbeidet og korleis ulike aktørar i skulefeltet samarbeider, bør styrkjast.
  • Meir forsking på utvikling av skule og undervisning.
  • Meir forsking på utdanningshistorie.
  • Meir publisering i tidsskrift retta mot praksisfeltet.

Politikk for ei styrka lærarrolle

Ekspertgruppa er opptatt av korleis skulesektoren blir styrt, og korleis ein kan byggje opp om handlingskapasitet og profesjonelt skjønn, både hjå den enkelte lærar og i profesjonsfellesskapa. Dei seinare åra har ein teke ei rekkje grep for å styrkje og utvikle skulen og lærarrolla. Gruppa ser det likevel som eit problem at lærarane har blitt møtt med mange motstridande forventningar.

Utvalet ønskjer seg ei arbeidsdeling der myndigheitene opererer med få sentrale, overordna mål med tilhøyrande kvalitetsindikatorar, og der profesjonen blir inkludert i målutforminga lokalt. Vidare er det eit behov for ein meir ærleg og open kommunikasjon omkring kva slags problem og dilemma den norske fellesskulen står overfor, og kor krevjande lærarane sitt mandat er i ein slik skule.

Lærarprofesjonen i Noreg har ei lang historie med å bli styrt sentralt gjennom mål og innhald, der profesjonen har fått ansvaret for å drive best mogeleg undervisning i klasseromma. Fordi lærarane i klasserommet må foreta ei rekkje konkrete val som det verken er mogeleg eller ønskeleg å programmere, treng ein fridom under ansvar – for å kunne grunngje vala på bakgrunn av yrkesetiske normer og ein oppdatert kunnskapsbase. Utvalet meiner at mykje tyder på at profesjonen langt på veg, og kanskje i større grad enn tidlegare, føler eit slikt ansvar. Dette er også ei utvikling som kan styrkje lærarane si profesjonalisering innanfrå, som eit nødvendig komplement til profesjonalisering ovanfrå.

For å utvikle styringa av feltet anbefaler ekspertgruppa følgjande:

  • Det bør etablerast få og gode mål for skulesektoren som ein er samde om.
  • Det bør utviklast ein meir open dialog mellom skulemyndigheiter og skulefeltet om dei spenningar, dilemma og konfliktar som finst i skulen.
  • Det må være balanse mellom nasjonale og lokale kvalitetsvurderingssystem.
  • Det må bli ein aksept for eit profesjonelt handlingsrom.
  • Reformtempoet bør generelt setjast ned.

Utdanningsforbundet meiner at læraren må støttast i å være lærar

Rapporten har blitt teke godt i mot i Utdanningsforbundet, og spesielt vurderast ekspertgruppa sin bruk av omgrepa profesjonalisering innanfrå og profesjonalisering ovanifrå som nyttige når det skal utviklast ny politikk for å styrkje lærarrolla.

«Støtt lærarane i å være lærarar», har Utdanningsforbundet framheva som essensen i rapporten «Om lærarrollen». Med dette meiner Utdanningsforbundet at den framtidige utviklinga av lærarprofesjonen fyrst og fremst må skje innanifrå, men at lokale og sentrale myndigheiter både har eit ansvar og ei viktig rolle i å leggje til rette for at det kan skje. Med andre ord må myndigheitene støtte lærarane si profesjonalisering innanfrå framfor å styre profesjonaliseringa utanfrå.

Kilder

  • Fagbokforlaget 2016: Om lærerrollen. Et kunnskapsgrunnlag.
  • www.utdanningsforbundet.no 15. august 2016: «En god rapport om lærerrollen»: www.utdanningsforbundet.no/Hovedmeny/Grunnskole/Nyheter/En-god-rapport-om-larerrollen

Denne publikasjonen er utarbeidd i seksjon for samfunn og analyse i sekretariatet i Utdanningsforbundet.

Publikasjonen er forankra i politikken og verdigrunnlaget til Utdanningsforbundet, men er ikkje behandla i dei politisk ansvarlege organa i Utdanningsforbundet før han vert offentleggjort.