Utkast til læreplanar i grunnskulen og fellesfaga i vidaregåande opplæring

Utdanningsforbundet har oppretta læreplannettverk for alle faga som er på høyring. Desse nettverka har innan fristen levert fagspesifikke høyringssvar til alle læreplanane som har vore på høyring.

Utdanningsforbundet vil innleiingsvis takke Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet for å ha lagt til rette for ein open, brei og omfattande prosess for utvikling av nye læreplanar.

Vi finn det positivt at tidsramma har vore vesentleg utvida samanlikna med tidlegare læreplanfornyingar og -reformer, sjølv om det også denne gong har vore periodevis høgt tempo.

Ved oppnemning av ymse læreplangrupper har profesjonen og ulike fagmiljø vore involvert i planarbeidet. Gjennom fleire innspelrundar har heile Skule-Noreg hatt høve til å vurdere og kommentere ulike skisser og utkast. Ein slik prosess legg til rette for at profesjonen får god forståing for grunngjeving og innhald i fagfornyinga, og at lærarar og leiarar kan identifisere seg med og få eit eigarforhold til dei endelege læreplanane. Prosessen har også lagt til rette for gode diskusjonar og refleksjonar i lærarfellesskapa på skulenivå.

Samstundes vil Utdanningsforbundet peike på at den siste fasen fram mot høyringa ikkje var ideell. Utdanningsforbundet hadde som sentral part i fagfornyinga og som representant for eit stort fleirtal av lærarar og skuleleiarar, forventa sterkare grad av «medvirkning, medbestemmelse, forankring og medskaping» i perioden frå innspelrunda i oktober-november 2018 og fram mot høyringa i mars 2019. Her var vi i liten grad kopla på.