Utdanning – Ein viktig del av kriseberedskapen

–  Kampen mot desinformasjon startar i klasserommet der lærarane er i førstelinja, seier Thomas Nordgård i Utdanningsforbundet etter høyringa på Stortinget torsdag om forskingssystemet.

I stortingsmeldinga «Sikker kunnskap i en usikker verden» er regjeringa oppteken av å styrkje det norske forskingssystemet for å sikre påliteleg og trygg kunnskap i møte med ei stadig meir usikker verd. Etterprøvbar kunnskap og forsking er grunnleggande for eit ope og demokratisk samfunn med gode avgjerdsprosessar.

Her kan du lese heile Stortingsmelding 14, "Sikker kunnskap i en usikker verden"

Lærarrolla viktigare enn nokon gong

–  I ei verd prega av aukande uvisse og komplekse trusselbilete, er det avgjerande å erkjenne at beredskap ikkje berre handlar om umiddelbar krisehandtering, men også om å byggje langsiktig motstandskraft mot desinformasjon gjennom utdanning og forsking, framheva Nordgård i sitt innlegg til Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget.

Han meiner at læraren si rolle i denne samanhengen blir avgjerande:

–  Gjennom arbeidet i skulen bidreg lærarane direkte til samfunnet sin beredskap ved å ruste barn, unge og vaksne med evna til kritisk tenking, kjeldekritikk og demokratisk deltaking, understrekar Nordgård.

Utdanningsforbundet meiner at ei satsing på lærarar og skule ikkje berre gir direkte gevinst i form av auka kunnskap og ferdigheiter blant heile folket, men også utgjer eit førebyggjande tiltak mot samfunnsutfordringar som desinformasjon og ekstremisme.

Her kan du lese hovudpunkta i meldingen, faktaark 2005: 8

Ikkje gløym biblioteka

Nordgård som er sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet nytta også høvet til å minne komiteen om verdien av biblioteka i vår tid.

–  Dei har ei viktig rolle og funksjon i det verdsbiletet meldinga teiknar opp. Ved å tilby opne, inkluderande og fagleg oppdaterte ressursar blir biblioteka sentrale møteplassar der både elevar, studentar, forskarar, lærarar og folk flest kan møtast og utveksle idear. Slik representerer biblioteka ikkje berre ei bru mellom forsking og praksis, men også ein viktig demokratisk infrastruktur for eit samfunn prega av samarbeid på tvers av landegrenser, seier Nordgård.

Tillit til forsking

Fri og uavhengig forsking er og blir ein av dei viktigaste hjørnesteinane vi har i demokratiet vårt, understrekar han.

–  Vi ser dagleg døme på at forskarar og akademisk fridom blir truga, og at tilliten til forsking smuldrar opp. Vi er heldigvis i ein situasjon der vi i Noreg framleis har tillit til forsking, og dei fleste nordmenn meiner det er viktig at forskarar deltek i samfunnsdebatten. Dette er ein tillit politikarar verken skal eller bør ta for gitt, seier Nordgård.

Regjeringa understrekar at openheit og akademisk fridom er eit grunnleggande prinsipp for forskinga.

–  Dette er noko vi støttar og held svært høgt i det vidare oppfølgingsarbeidet med meldinga, avsluttar Nordgård.

Les vårt innspel i forkant av meldinga