– Uavhengig forsking er viktigare enn nokon gong

Fredag kom den tredje stortingsmeldinga til regjeringa om forsking og høgare utdanning: – Fri og uavhengig forsking er viktigare enn nokon gong, seier Geir Røsvoll i Utdanningsforbundet.

Her kan du lese heile Stortingsmelding 14, Sikker kunnskap i en usikker verden

I meldinga skriv regjeringa at forsking skal ha ei nøkkelrolle i å løyse store samfunnsutfordringar, som klimaendringar, desinformasjon og tryggleikstruslar.

– Her er vi samde med regjeringa og ser fram til å høyre korleis dei konkret skal styrke forskinga, seier Røsvoll.

Regjeringa understrekar i meldinga at tilliten til forsking er ein føresetnad for samfunnsutviklinga, og det blir peika på at samarbeid mellom forskarar, næringsliv, offentleg sektor og internasjonale partnarar må styrkast. Meldinga legg vekt på at forskinga må vere praksisnær og nyttig, mellom anna for dei som arbeider i offentleg sektor.

– Vi er glade for at regjeringa vil verne om den akademiske fridomen. Berebjelkar i  forskingssystemet er forskingsetikk, openheit og at forskinga er etterprøvbar. Dette er noko som diverre ikkje lenger er sjølvsagt i verda i dag, understrekar Røsvoll.

Han meiner at lærarar har ei nøkkelrolle i å sikre tillit til og bruk av forsking, og legg til at Offentleg sektor ph.d.-ordninga har tent lærarar godt.

– Utdanningsforbundet er derfor nøgde med at dette blir vidareført i Kunnskapsdepartementet sin strategi for utdanningsforskning 2025–2029, seier han.

Akademisk fridom

Utdanningsforbundet sin leiar meiner behovet for kritisk tenking og akademisk fridom er særleg viktig for å møte dei utfordringane og moglegheitene den nye geopolitiske situasjonen fører med seg.
– Vi kjenner oss att i regjeringa sin bodskap om at forskingssystemet må vere fri og samstundes robust nok til å møte eit samfunn i rask endring, seier Røsvoll.

Demokratiske verdiar

Utdanningsforbundet meiner at vi må sjå denne meldinga i samanheng med Utsynsmeldinga (2023) og Profesjonsmeldinga (2024), noko som forsterkar relevansen for lærarprofesjonen.
– Barnehagen og skulen er vår viktigaste fellesarena for utvikling av demokratiske verdiar, medborgarskap, menneskerettar og ytringsfridom. Dette er vårt viktigaste forsvar, og det er her vi utviklar demokratisk beredskap, seier Røsvoll.

Etterlyser større satsing

I forarbeidet til stortingsmeldinga spelte Utdanningsforbundet inn ei uro for at utdanning og utdanningsforsking får stadig mindre plass og merksemd.

– Utdanningsforbundet meiner at dei store utfordringane Noreg og det globale samfunnet står overfor, tilseier ei langt større satsing på utdanning og utdanningsforsking, inkludert ei kraftig satsing på lærarutdanningane, samfunnsfaga og humaniora, avsluttar Geir Røsvoll.

Les vårt innspel i forkant av meldinga: Innspill til arbeidet med melding til Stortinget om forskingssystemet

Les meir her:

Ei studie av offentleg ph.d. i utdanningsfeltet: Ein fot i begge leirer hadde vært ypperlig».
Offentleg sektor-ph.d. – ei moglegheit for lærarar med mastergrad: Faktaark 2021:2

Sitert

Avbildet: Geir Røsvoll
Geir Røsvoll

leder av Utdanningsforbundet