Statstilsette: Forventa lønsauke i februar

– Lønsauken til statstilsette kan tidlegast forventast på februar-lønna, opplyser Unios forhandlingssjef Klemet Rønning-Aaby.

Rikslønnsnemnda behandlar statsoppgjeret for Unio og Akademikarane den 7. november, og for LO den 15. november. Rønning-Aaby trur slutninga frå Rikslønnsnemnda fell seint i november eller i byrjinga av desember.

– Deretter byrjar dei lokale forhandlingane, og eg tvilar på at desse kan bli ferdige før ut i januar, seier han.

– Kva konsekvensar får det for statstilsette at lønsauken kjem til utbetaling året etter lønsoppgjeret?

– Det same skjedde for lærarane som streika i 2022. Då vert slutninga frå Rikslønnsnemnda klar midt i februar 2023. Etterbetalinga skjedde tidlegast i mars. Konsekvensen er at du må leve med same lønna lenger enn elles, men du får det etterbetalt. Med høgt rentenivå er det sjølvsagt best å få pengane tidlegast mogleg, så dette blir ei tilleggsstraff for å streike i offentleg sektor som vi sjølvsagt ser på som problematisk, seier Rønning-Aaby.

Fram mot nemnda

Han førebur no prosessen fram mot behandlinga i nemnda. Der stiller forhandlingsleiar Guro Elisabeth Lind i Unio stat saman med sekretær for Unios statsutval, Iril Myrvang Gjørv.

Prosessfullmektig i staten for Unio er advokat og spesialist i arbeidsrett Christopher Hansteen i Advokatfirmaet Hjort.

– No jobbar vi med prosesskrivet med frist 30. september. Det er eit ganske omfattande arbeid fordi det er mange dokument i eit tariffoppgjer, og denne saka er spesiell, for å seie det forsiktig, seier Rønning-Aaby.

Han viser til at den minste samanslutninga aksepterte statens tilbod i mekling (YS stat), ei anna forkasta det same avtaleutkastet i uravrøysting (LO Stat), og to hovudsamanslutningar forkasta statens tilbod allereie i meklinga (Unio stat og Akademikarane stat).

– Dette var altså ikkje riksmeklaren sitt forslag, men statens tilbod om likelydande tariffavtale for alle. Ein kan trygt seie at staten som arbeidsgivar har rota det godt til, og overlate løysinga til Rikslønnsnemnda for eit overveldande fleirtal av dei tilsette i staten. Vi meiner dette ikkje er haldbart, seier Rønning-Aaby.

Nemndas medlemmar

Rikslønnsnemnda består av tre uavhengige nøytrale medlemmar som blir oppnemnde for tre år om gongen. For perioden 1. mars 2022 – 28. februar 2025 er desse sorenskrivar i Buskerud Tingrett Liv Synnøve Taraldsrud, seniorforskar Erling Barth ved Institutt for samfunnsforsking og professor Bjørnar Borvik på det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen.

Leiar av nemnda, Liv Synnøve Taraldsrud, har uttalt til frifagbevegelse.no at dette er noko av det mest kompliserte ho har vore borti sidan ho blei leiar av nemnda, og at dei nøytrale medlemmane i nemnda føler på eit stort ansvar.

– Det forstår eg godt. Rikslønnsnemnda burde ikkje ha blitt sett i denne situasjonen og spesielt ikkje når dei faste ikkje-nøytrale medlemmane har reine partsinteresser, kommenterer Rønning-Aaby.

For i tillegg til dei tre nøytrale faglege medlemmane, blir det oppnemnt to medlemmar frå partane som har talerett, men ikkje stemmerett. I denne perioden er det Statens personaldirektør Gisle Nordheim og forhandlingsleiar Egil André Aas i LO stat. Desse to medlemmane skal ivareta arbeidstakarane og arbeidsgivarane sine interesser.

Det kuriøse med denne saka, er at desse har sterke partsinteresser som ikkje samsvarer med verken Unio eller Akademikarane sine interesser. Staten, regjeringa og LO vil at staten skal gå tilbake til tida før 2016 då det var éin felles hovudtariffavtale i staten. Akademikarane og Unio gjekk til streik for å behalde sin avtale.

Unio har derfor meint at nettopp denne saka er eit kroneksempel på det Unio har hevda i fleire år – at Rikslønnsnemnda må settast saman på ein meir nøytral måte.

– Vi vil synleggjere dette i prosesskrivet vårt, men i utgangspunktet legg vi både til grunn – og stolar på – at nemnda sjølv har vurdert si eiga habilitet, og behandlar saka på ein måte som ikkje svekkjer tilliten til systemet for lønnsdanning, avsluttar Klemet Rønning-Aaby.