Skal forske på arbeidstidsavtalen

Utdanningsforbundet har inngått avtale med AFI og NIFU for å sjå korleis arbeidstidsavtalen fungerer og blir praktisert på ulike skular.

Ved førre reforhandling av arbeidstidsforhandlingane i 2021/2022 om SFS 2213, vart partane (Utdanningsforbundet, Skuleleiarforbundet, Skulenes landsforbund, Lektorlaget og KS) einige om at det var ynskjeleg med eit felles kunnskapsgrunnlag (protokoll frå januar 2022). Diverre vart partane ikkje samde om innrettinga, og derfor vart planane skrinlagde førre sommar. 

I staden har Utdanningsforbundet no på eiga hand inngått avtale om eit forskingsprosjekt om SFS 2213, ei avtale som fastset korleis arbeidstida til lærarar og skuleleiarar skal fordelast mellom undervisningstid, førebuing og etterarbeid, samt andre oppgåver som er nødvendige for å sikre god undervisning. Avtalen definerer mellom anna årsverket, altså kor mange timar lærarar skal arbeide i løpet av eit år, og korleis dette blir fordelt mellom undervisning og anna arbeid. 

Forskingsprosjektet skal utførast av AFI (Arbeidsforskingsinstituttet) i samarbeid med NIFU (Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utvikling), som skal gjennomføre studiet. To forhold vert spesielt viktige: 

1. Korleis blir arbeidstidsavtalen praktisert ved skulane? Og kor mange skular har alternative løysingar? 

2. Å undersøkje om praktiseringa av avtalen (både standard SFS 2213 og alternative løysingar) bidreg til: 

  • At lærarane får tid og rom til å førebu og gjennomføre undervisning og følgje opp elevane. 
  • At kontaktlærarane får tid og rom til å førebu og gjennomføre undervisning og følgje opp elevane. 
  • Eit meiningsfylt samarbeid i profesjonsfellesskap på ulike nivå blant lærarar. 
  • At arbeidsmiljøet og trivselen til lærarane blir sikra. 

Som del av prosjektet skal forskarane både gjennomføre ei nasjonal spørjeundersøking blant tillitsvalde og skuleleiarar i grunnskular og vidaregåande skular og gjere kvalitative studiar av åtte skular. 

Prosjektet startar opp hausten 2024 og vert avslutta hausten 2025.