Venstre har lagt fram eit forslag i Stortinget som vil styrke kontaktlærarressursen om det blir vedteke. – Eit grep som bør gi meir tid til å følge opp elevane, trur Geir Røsvoll.
Venstre har lagt fram eit forslag i Stortinget som vil styrke kontaktlærarressursen om det blir vedteke. – Eit grep som bør gi meir tid til å følge opp elevane, trur Geir Røsvoll.
Tidleg neste år skal Utdannings- og forskingskomiteen gi si tilbakemelding på eit forslag frå Venstre om at regjeringa må «utarbeide en kontaktlærerpakke med et konkret mål om å styrke kontaktlærerressursen».
Håpar på brei støtte
Initiativet blir møtt med entusiasme hos Utdanningsforbundet.
– Dette er eit grep som bør gi meir tid til å følge opp elevane. Det kan løyse ein del av tidsklemma-problema mange kontaktlærarar opplev, og noko eg verkeleg håpar dei andre partia på Stortinget støttar, seier Geir Røsvoll.
For to år sidan kom det på plass ein ny arbeidstidsavtale for skulen. Denne medførte at mange kontaktlærarar i grunnskulen fekk dobla kontaktlærarressursen. Likevel er tilbakemeldingane Utdanningsforbundet får tydelege:
Stadig fleire oppgåver har blitt lagt til kontaktlærarjobben, og svært mange kontaktlærarar fortel at dei har altfor lite tid til å utføre oppgåvene som er pålagde. Mange har derfor brukt mykje av eigen fritid for å gi elevane ei god nok oppfølging.
– Derfor er det veldig bra at Venstre anerkjenner dette, og ønskjer å gjere noko med det.
«Altfor lite tid til å gjere denne viktige jobben»
I grunngjevinga for Venstre sitt forslag heiter det mellom anna at «Det er allikevel fortsatt slik at de fleste kontaktlærere har altfor lite tid til å gjøre denne viktige jobben. Det er etter forslagsstillernes syn for dårlig sammenheng mellom forventingene som stilles til rollen, betydningen man vet kontaktlærerne har, og tiden lærerne har til å følge opp elevene sine.» Og sjølv om det er partane (til dømes KS og Utdanningsforbundet) som normalt forhandlar om endringar i slike avtaler, meiner Venstre at det bør kunne gjerast andre grep i dette tilfellet.
Dei skriv vidare at «Det er partene i arbeidslivet som forhandler store deler av rammeverket som bestemmer hvor mye tid lærerne har til kontaktlærerfunksjonen. Men når man vet hvor viktig kontaktlærerens rolle er for å løse de utfordringene man ser i skolen, så er det viktig at man undersøker hvilke virkemidler man kan stille til disposisjon for å gi kommuner og fylkeskommuner større mulighet til å gå lærerne i møte i det viktige målet de har hatt over lengre tid om å få mer tid til å være kontaktlærer.»
– Her meiner eg det blir tenkt veldig fornuftig. Sjølv om det vanlegvis er partane sjølve som forhandlar og blir einige om denne typen avtaler, er det fullt mogleg også å gå den politiske vegen.
– Det er brei semje om kor viktig kontaktlærarjobben er for å kunne følgje opp elevar, og spesielt er den relasjonelle delen svært viktig. Ved å investere i meir tid til å kunne utføre denne jobben, vil samfunnet kunne spare betydelege beløp på sikt, meiner Røsvoll.
Håpar på forseinka julegåve
Det er frist for å komme med skriftlege innspel til saka i midten av november, så skal Utdannings- og forskingskomiteen gi si innstilling 7. januar neste år – før den til slutt (truleg) blir behandla i Stortinget den 14. januar.
– Då håpar eg dei andre partia er med på å gi landets kontaktlærarar den perfekte, forseinka julegåva, seier Røsvoll.
Dette er den konkrete ordlyden i Venstre sitt forslag om kontaktlærarpakke:
«Stortinget ber regjeringen utarbeide en kontaktlærerpakke med et konkret mål om å styrke kontaktlærerressursen. Innretningen av kontaktlærerpakken avgjøres i samråd med partene i utdanningssektoren.»