Mannsutvalet: Foreslår fleksibel skulestart for fleire

Mannsutvalet har lagt fram sin rapport. Mellom framlegga er å gjere fleksibel skulestart meir tilgjengeleg. – Viktigare å gjere endringar i innhaldet i 1. klasse, seier nestleiar i Utdanningsforbundet.

I dag overrekte Mannsutvalet rapporten «Likestillingens neste steg» til kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap).

Mellom tiltaka som er føreslått for å redusere kjønnsforskjellar på skule- og utdanningsfeltet er fleksibel skulestart. Utvalet vil gjere høvet til å starte på skulen eitt år seinare (eller tidlegare) enn i august det året barnet fyller seks år, meir tilgjengeleg enn i dag.

Framlegget om meir fleksibel skulestart er i beste fall å handsame berre symptoma, meiner nestleiar i Utdanningsforbundet, Ann Mari Milo Lorentzen.

– Skulen må bli tilpassa barna. Det er ikkje barna som skal tilpasse seg skulen, seier Lorentzen.

– Alle elevane er ulike, også når dei skal byrje på skulen. Difor må vi gjere noko med rigg og innhald i skulen, i staden for å isolere dette til eit «guteproblem» og individualisere tiltaka, seier Lorentzen.

Mogleg med utsett skulestart i dag

Lorentzen seier òg at forslaget om fleksibel skulestart verkar å vere nokså beskjeden i høve til dagens lovverk. Det er allereie mogleg i dag å få utsett skulestart, med ei sakkyndig vurdering.

– Dersom utvalet meiner at eit stort tal barn treng å utsetje skulestarten, så må vi gjere endringar i innhaldet i førsteklasse, seier Lorentzen.

Lorentzen framhevar at førsteklasse i dag i altfor liten grad er tilpassa mangfaldet av elevar, og at lærarane sjølve etterlyser større høve for å gje barna meir leik og fri aktivitet.

– Mangelen på dette er det nokon av gutane som taper mest på, seier ho.

Men:

– Eg meiner at alle born har godt av ein mjukare overgang frå barnehagen til skulen. Me veit at intensjonen bak 6-årsreforma i 1997 i for liten grad er følgt opp. Skulen må bli meir praktisk og variert. Det må vere tid til leik, turar og aktivitet som ikkje er fagleg målretta, meiner Lorentzen.

Vil ha meir praktisk og variert skuledag

Difor er Lorentzen glad for utvalet sitt forslag om ein meir praktisk og variert skulekvardag.

– Dette er heilt i tråd med vår politikk, og noko også regjeringa har forplikta seg til. Skulen er prega av for mykje stillesitting, for mykje vekt på teoretiske fag, og for lite praktisk og variert undervisning.

– Dette er eit kjempeviktig tiltak som må følgjast opp, understrekar Lorentzen.

Sterkt kritisk til leikbasert læring

Utvalet føreslår òg at det blir innført nasjonale føringar for barnehagane om å ta i bruk metodikken «leikbasert læring», utvikla gjennom Agderprosjektet.

Det er Lorentzen sterkt kritisk til.

– På kort tid har to utval føreslått å rulle ut denne svært spesifikke metodikken «leikbasert læring» som løysing på store samfunnsutfordringar. Då må me vere sikre på at dette er den mest effektive bruken av samfunnet sine midlar. Det svaret gjev ikkje forskinga på leikbasert læring oss, seier Lorentzen.

Det heng heller ikkje saman med utvalet sine føreslåtte tiltak om meir praksis og leik i skulen.

– «Leikbasert læring» i barnehagar handlar om å gjere barnehagen meir strukturert og skuleorientert. Det bryt med barnehagens føremål, barndommen sin eigenverdi og barnas behov, avsluttar Lorentzen.

Om utvalet

Mannsutvalet, leia av Claus Jervell, vart sett ned i august 2022. Mandatet gav i oppdrag å presentere ein heilskapleg oversikt over kva likestillingsutfordringar gutar og menn møter gjennom livsløpet, og føreslå tiltak som vil bidra til eit likestilt samfunn.

Ein variant av forslaget om fleksibel skulestart vart også fremja av eit mindretal i det såkalla Stoltenberg-utvalet i 2019, som eit tiltak mot kjønnsforskjellar i skuleprestasjonar og utdanningsløp.

Utvalet peikar på at gutar er i fleirtal mellom elevar som får låge karakterar og fell frå i skulen. Langt færre menn enn kvinner tar høgare utdanning. Dei seier òg at kjønnsdelinga i det norske arbeidslivet utgjer ei avgrensing på den enkelte sin valfridom. Dette gjeld særleg for menn, som i mindre grad enn kvinner vel kjønnsutradisjonelt.

  • Innføre leikbasert læring i barnehagen
  • Innføre fleksibel skulestart
  • Innføre meir praktisk og variert skulekvardag
  • Styrke alternative opplæringsløp i vidaregåande opplæring
  • Sikre rett til læreplass
  • Endre poengberekninga på vitnemålet frå grunnskolen og vidaregåande opplæring
  • Gjennomføre ei nasjonal satsing for at fleire unge skal velje og gjennomføre kjønnsutradisjonelle utdanningsprogram på yrkesfag
  • Gjennomføre ei nasjonal satsing for at fleire menn skal velje og gjennomføre helse-, omsorgs-, sosial- og pedagogiske fag i høgare utdanning
  • Endre opptaksreglar til høgare utdanning
  • Auka innsats for psykososialt arbeidsmiljø, og mot trakassering og seksuell trakassering i arbeidslivet

Sitert

Avbildet: Ann Mari Milo Lorentzen
Ann Mari Milo Lorentzen

1. nestleder i Utdanningsforbundet