Dette er den ubehagelege sanninga mange av oss har prøvd å rope høgt om dei siste åra. Årets søkjartal til høgare utdanning viste ein nedgang i talet på unge som vil bli lærar i barnehage og skule. Samordna opptak, som kom med dei endelege tala torsdag, viste at søkinga samla sett gjekk ned med 6,8 prosent. Trenden frå tidlegare år heldt fram for dei fleste lærarutdanningane. Dei to siste åra har grunnskulelærarutdanninga hatt ei nedgang i talet på tilbod om studieplassar på godt over 20 prosent.
I lengda hjelp det ikkje med kjappe løysingar på krisa i lærarrekrutteringa. Enkle svar på ein kompleks situasjon gagnar ikkje barn og unge. Dei treng høgt utdanna og kompetente lærarar i alle barnehagar og klasserom for å få ei god oppleving og ei god utdanning.
Skal ein få til å auke rekruttering, må ein mellom anna:
1. Gje lærarane tid til å vere lærar:
Lærarprofesjonen ønskjer å gjere ein best mogeleg jobb for barn og unge. Tid til å følge opp kvart barn og kvar elev står heilt sentralt for å lukkast med å bygge dei faglege og sosiale ferdigheitene hjå barna, som er nødvendige for eit godt liv. I kvardagen gjer lærarane mange små, usynlege ting som sørger for at barna våre blir sett, høyrt, og har noko å høyre til. Gje oss tid til å gjere jobben på ein god måte.
2. Styrke laget rundt læraren
Veldig mykje av tida til lærarane går bort til andre oppgåver enn kjerneoppgåvene, det er ein viktig grunn til at lærarane vel vekk barnehagen og skulen. Auka midlar til andre yrkesgrupper i skulen, som sosiallærarar og helsesjukepleiarar, er viktig. Samstundes må barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) og pedagogisk-psykologisk teneste (PP-teneste) styrkast. Det er avgjerande at laget rundt lærar og elev vert styrka.
3. Gjere skulen mindre byråkratisk
Reduser omfanget av byråkrati og rapporteringskrav for lærarane. Sjølv om mykje er godt meint, er ikkje alt like naudsynt. Politikarane må våge å lempe på mengda testar og prøver i skulen, slik kvalitetsutviklingsutvalet, leia av professor Tine Prøitz, føreslo då dei la fram sin rapport hausten 2023. Overlat til profesjonen kva verktøy og program dei treng.
4. Førebyggje vald og truslar i skolen
Gje skuleleiarane og lærarane den kompetansen og dei ressursane dei treng for å førebyggje og handsame den aukande mengda vald og truslar. Eit styrka lag rundt lærarane og elevane, og god rettleiing i vanskelege situasjonar, vil også hjelpe på denne situasjonen. Ikkje nokon lærar skal måtte stå aleine i møte med desse utfordringane. Skoleeigar må i mykje større grad på banen og ta sitt ansvar.
5. Gje god introduksjon til yrket
Frå Lærarstudentane i Utdanningsforbundet og frå eigne medlemmer som jobbar i utdanningane, veit vi mykje om kor skoen trykker. Dei første åra i yrket er ein særskilt kritisk fase. Kvar sjette nyutdanna lærar sluttar i løpet av dei fem første åra. For å støtte ferske lærarar må det setjast av tid til oppfølging - både dei som rettleiar og de nyutdanna må difor ha redusert undervisningsplikt i denne perioden. Rettleiinga bør gis av ein erfaren lærar med formell kompetanse i profesjonsfagleg rettleiing.
6. Auke løna
Vi veit at betre løns- og arbeidsvilkår er viktig. Lønsutviklinga for lærarar må opp på same nivå som for yrkesgrupper med tilsvarande utdanning, og lønsnivået til barnehagelærarar må løftast. Dette vil vi fortsette å kjempe for. No håper vi at arbeidsgjevarane i mykje større grad erkjenner samanhengen mellom rekruttering og løn. Løn og arbeidsvilkår må bli betre.
Verdas viktigaste yrke
Regjeringa, lærarorganisasjonane, arbeidsgivarar, lærarutdanningane og studentane har gått saman om ein strategi for å rekruttere til lærarutdanning, læraryrket og for at lærarar skal ynskje å bli i yrket .
Vi i Utdanningsforbundet skal gjere alt vi kan for å snu den negative trenden i søkjartal til lærarutdanningane.
Lærarjobben, både i barnehage og i skulen, er ein av dei viktigaste i samfunnet. viktigaste. Og med dei rette rammene og med nok ressursar, er læraryrket verdas beste yrke, brukar eg å seie.
Men nøkkelen ligg hjå politikarane. For gode rammer og dei naudsynte ressursane som er tilpassa dei elevane vi har i skulen i dag, må faktisk på plass. Dei er der ikkje i dag.