Framleis nedgang i søketal til lærarutdanning: Etterlyser tiltak

Læraryrket er eit flott yrke og eitt av dei viktigaste vi har. Difor er framleis nedgang i søketala dramatisk, seier leiar i Utdanningsforbundet, Geir Røsvoll. Han etterlyser tiltak.

Årets søketal til universitet og høgskular vart presentert i dag, 26. april.

Tala viser diverre framleis nedgang i dei samla søketala til lærarutdanningane. Det er femte året på rad med nedgang.

– Med dei rette rammene og med nok ressursar, er læraryrket verdas beste yrke. Lærarjobben, både i barnehage og skule, er òg ein av samfunnets viktigaste jobbar, seier leiar i Utdanningsforbundet, Geir Røsvoll.

– Difor er den svikten vi har sett i søketala over mange år svært dramatisk. No må det kome effektive tiltak som kan betre både lønsutviklinga og arbeidsvilkåra for lærarane, anten dei jobbar i skulen eller i barnehagen, meiner Røsvoll.

Verst står det til med grunnskulelærarutdanninga, både for utdanningane til trinn 1-7 og 5-10.

Søketala for barnehagelærarutdanninga held seg stabilt frå fjoråret, men er likevel det dårlegaste talet på 10 år. 

Samla er nedgangen på førstegangssøkere til lærarutdanningane på 4,2 prosent.

Røsvoll er glad for at alle partane no ser ut til å ha ei felles forståing av krisa. Han trekkjer fram rekrutteringsstrategien der regjeringa og partane har forplikta seg til å bidra med ulike tiltak for å snu den negative utviklinga.

Men:

Skal denne rekrutteringsstrategien få verknad, må alle ting på bordet, meiner Røsvoll.

– Det betyr òg å stoppe den negative lønnsutviklinga for lærarane. Difor er eg nøgd med at KS i strategien har forplikta seg til å forhandle løns- og arbeidsvilkår som mellom anna skal bidra til rekruttering til læraryrket, seier Røsvoll.

Fryktar avakademisering av lærarutdanningane

I pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet, seier Oddmund Hoel (Sp) at han er "overtydd om at det er rett å tenke nytt" om lærarutdanningane. Regjeringa vil "mellom anna opne for fleire dispensasjonar frå karakterkrava og gje meir fagleg fridom".

Det får Geir Røsvoll til å reagere:

– Det har ikkje stått på å tenkje nytt i norsk lærarutdanning. Få, om nokon, utdanningar har vore gjenstand for så mange politisk funderte reformer dei seinaste tiåra, enn akkurat lærarutdanningane.

– Vi meiner bestemt at svaret på dei låge søketala korkje er å senkje den akademiske kvaliteten på lærarutdanningane eller å senkje krava til å gjennomføre, slik regjeringa har foreslått, seier Røsvoll.

Må skape gode skular og barnehagar

I tillegg trekker Røsvoll fram at ein er må til å skape ein barnehage og ein skule som dagens ungdom har lyst til å jobbe i. 
 
– Dagens unge har gjennom minst 13 år observert og erfart lærarar i arbeid. Dei har truleg fått med seg at alt frå lønn, arbeidsvilkår, bemanning og verdsetting ikkje akkurat scorar høgast i læraryrket, seier Røsvoll.

– Det er desse ungdomane vi må nå. Mange av dei ville vore strålande kandidatar til læraryrket, men vi ser at dei vel det bort. Det er eit ansvar som ligg på oss alle.

Røsvoll listar opp ei rekkje tiltak for å gjere barnehagen og skulen til attraktive arbeidsplassar og gode stader å vere for barn og elevar: 

  • Fikse bemanningskrisa i barnehagen og innføre ei nasjonal satsing på fleire barnehagelærarar

  • Mindre testing og rapportering i skulen som tek opp tida til lærarane og stressar elevane

  • Ein meir praktisk og variert skuledag

  • Tid for lærarar både i barnehagar og skolar til å gjere jobben sin

Til det siste punktet utdjupar Røsvoll:

– Vi må rydde i forventingane om alt læraren kan og skal gjere. Vi treng ein arbeidsgivar og myndigheiter som verdset betydninga av lærarutdanninga og den kompetansen som lærarutdanna lærarar har, og gjer dei tid til å gjere den jobben som trengs i møte med barnehagebarn og elevar.

Røsvoll finn to små lyspunkt i dagens tal. Det er ein auke i søking til yrkesfaglærarar og til lærarutdanninga for praktiske og estetiske fag.

Overordna er likevel tala dystre. Røsvoll påpeikar at dei lave søketala er ein del av ein europeisk trend, og det difor er endå viktigare med kraftige tiltak.

– Det krev politisk mot og handlekraft om vi skal snu trenden.

Sitert

Avbildet: Geir Røsvoll
Geir Røsvoll

leder av Utdanningsforbundet