Det 7. ordinære landsmøtet i Utdanningsforbundet vert halde i perioden 6.–9. november 2023 på Lillestrøm.
Publisert 14.03.2023
Publisert 14.03.2023
Landsmøtet 2023 – kunngjering
Det 7. ordinære landsmøtet i Utdanningsforbundet vert halde i perioden 6.–9. november 2023 på Lillestrøm.
Med heimel i vedtektene for Utdanningsforbundet, §28 Landsmøte, kunngjer vi med dette at det 7. ordinære landsmøtet i Utdanningsforbundet vert halde i perioden 6.–9. november 2023 på Thon hotell Arena i Lillestrøm.
Landsmøtet opnar om føremiddagen måndag 6. november. Kva for saker landsmøtet skal handsame, følgjer av § 29 Oppgåver til landsmøtet i vedtektene. I tillegg til desse sakene har sentralstyret sett følgjande på det førebelse sakskartet:
Vidare utvikling av politikkdokumentet «Vi utdannar Noreg» innanfor desse saksområda:
Politiske mål på hovudorganisasjonsnivå og behov for nye tariffpolitiske verkemiddel
Praktisering av frontfaget og krav/forventingar til KS og andre arbeidsgjevarar
Utdanningsforbundets politikk på vurderingsfeltet
Vern av lærartittelen
Lærarrolla og laget rundt barn, unge og vaksne
Medlemmer i organisasjonen har rett til å vere til stades som observatørar på landsmøtet, med dei rettar som går fram av møtereglementet. Møtet vert strøyma.