Rett kompetanse for rådgivarar og karriererettleiarar

Utdanningsforbundet meiner at nasjonale kompetansekrav for dei som skal arbeide med rådgjeving, vil kunne vere med på å profesjonalisere og styrke tenesta.

Utdanningsdirektoratet har utarbeida «Anbefalt formell kompetanse og rettleiande kompetanse kriterium for rådgivarar i skulen». Ein rådgivar i skulen bør minst ha ei relevant bachelorgrad, og i denne bør minst 60 studiepoeng vere innan rådgiving og minst halvparten av denne igjen bør vere innan den rådgivingsforma ein har ansvaret for. Dei rettleiande kompetansekriteriene spesifiserer kva kunnskapar og ferdigheiter ein rådgivar bør ha.

Utdanningsforbundet meiner at nasjonale kompetansekrav for dei som skal arbeide med rådgiving, vil kunne vere med på å profesjonalisere og styrke tenesta.

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har HK-dir utvikla kompetansestandardar for karriererettleiaren/utdannings- og yrkesrådgivaren og for utdanningsvallæraren i skulen. Dette er anbefalte faglege standardar, ikke krav.

Utdanningsforbundet meiner det er positivt å bygge opp eit mastergradstilbod i karriererettleiing, men meiner det ikkje skal vere eit krav med mastergrad for å kunne drive med karriererettleiing i grunnopplæringa. Mange stadar vil det vere vanskeleg å rekruttere karreirerettleiarar i små stillingar/delstillingar med eit for omfattande krav til formell kompetanse.

Utdanningsforbundet meiner at eit realistisk og tilstrekkeleg krav til kompetanse er 60 studiepoeng, både i grunnopplæringa, vaksenopplæringa, karrieresenter og i universitet- og høgskulesektoren.  Breiddekompetanse, målgruppespesifikk kompetanse og erfaring frå arbeidslivet og med arbeid med ungdom kan vere like nyttig som spisskompetanse.

- Viktig med kontinuerleg etter- og vidareutdanning

Eit krav om master vil mellom anna kunne ekskludere karriererettleiarar med lang og relevant erfaring, for eksempel frå yrkesfag i vidaregåande opplæring. Utdanningsforbundet er positive til kompetansekrav, men meiner at det er like viktig med kontinuerleg etter- og vidareutdanning

Utdanningsforbundet meiner det bør vere eit kompetansekrav på 30 studiepoeng knytt å kunne undervise i faget Utdanningsval. Dette anerkjenner faget sin eigenverd, og det vil støtte arbeidet med kompetansemåla. Samtidig er det viktig å presisere at rådgiving er heile skulen sitt ansvar. Lokale kompetansehevingstiltak vil difor også vere viktig.

Utdanningsforbundet meiner at å ha lærarutdanning som kompetansebakgrunn  er viktig når ein skal arbeide med rådgiving, og at framtidas rådgivarar i grunnopplæringa bør vere ein del av lærarprofesjonen og undervisningspersonalet. Dette sikrar den tette koplinga mellom rådgiving og formålet til grunnopplæringa. Det gjev også ein betre pedagogisk kompetanse og kjennskap til skulen, utdanningssystemet og elevane. Som rådgivar i grunnopplæringa er nærleiken og relasjonen til elevane ein sentral føresetnad for å gjere ein god jobb. All tidsressurs til å vere rådgivar, føreset at ein er lærarutdanna.

Må vere på skulen når elevane er der

Utdanningsforbundet meiner at rådgivarane må vere på skulen når elevane er der – slik dei er under gjeldande avtaleverk. Utdanningsforbundet meiner det er viktig å tenke heilskapleg rundt kva ein rådgivar skal drive med og kva kompetanse ein bør ha - også i eit profesjonsetisk perspektiv.

Ei balanse mellom kunnskap og erfaringar knytt til utdanning, arbeidsliv, sosialpedagogiske utfordringar og etikk er sentralt. Det er også viktig å vere bevisst ulike kompetansebehov i ungdomsskulen og vidaregåande skule. Utdanningsforbundet meiner det innanfor grunnopplæringa er viktig å slå fast to prinsipp: at det skal vere minst ein rådgivar på kvar skule og at rådgivarar skal vere utdanna lærarar.

Når det gjeld innhaldet i kompetansehevinga er det sentralt at kjønnsperspektivet og det fleirkulturelle perspektivet blir styrka– og at rådgivarar og karriererettleiarar får vidareutvikla sin kompetanse på desse felta. Også sosialpedagogiske element og kompetanse er svært viktig for ei god livslang rådgiving, ikkje berre i grunnopplæringa, men i det heilskaplege systemet. Utdanningsforbundet er også opptatt av at rådgjevarar/rettleiarar må ha kompetanse og nettverk knytt til yrkesfagleg opplæring og fagskulefeltet.

Å styrke kunnskapsgrunnlaget på rådgivings- og karriererettleiingsfeltet generelt vil vere sentralt for å få til kontinuerleg utvikling. Det er mellom anna nødvendig å få kartlagt rådgivarressursen og -kompetansen, slik den faktisk er i dag i grunnskulen, vidaregåande skule og i vaksenopplæring og høgre utdanning.