Slik jobbar vi for ein god grunnskule

Utdanningsforbundet er den klart største lærarorganisasjonen i grunnopplæringa. Vi organiserer bredt og er difor i ein unik posisjon til å sjå utdanningssystemet i samanheng. Det gjev oss både styrke og representasjon.

Vi har dyktige tilsette og tillitsvalde med spisskompetanse, som gjer at du som medlem i kan få god støtte i alle saker. Det kan vere alt frå faglege og juridiske spørsmål til lønn, arbeidstid og arbeidsmiljø.

Ei viktig stemme for grunnskulen

Utdanningsforbundet speler ei nøkkelrolle i å utvikle grunnskulen i Noreg. Vi arbeider målretta med rammevilkåra som legg grunnlaget for skulen, inkludert lovar, reglar og nasjonale normer.

Vår politiske plattform, Vi utdannar Noreg, set retning for arbeidet vårt. Her finn du konkrete saker som påverkar kvardagen din som lærar eller leiar i grunnskulen.

  • Meir leik i skulen
  • Styrkje dei praktiske og estetiske faga
  • Sikre høg lærartettleik
  • Utvikle eit godt system for etter- og vidareutdanning
  • Prioritere kvalitetsutvikling på skulen sine premissar
  • Styrkje lærarrolla og laget rundt eleven
  • Støtte lærarane i arbeidet med læreplaner

Gode lønns- og arbeidsvilkår

Vi meiner at utdanning skal lønne seg, og vi jobbar for avtalar som gir gode arbeidsvilkår. Dette er avgjerande for at du som lærar skal kunne fokusere på elevane si læring og utvikling.

Profesjonsutvikling og etikk

Ein sterk lærarprofesjon er grunnlaget for ein god skule. Vi har utvikla Lærarprofesjonens etiske plattform for å løfte fram verdiane og ansvaret som ligg i rolla vår. Vi jobbar også for at lærarar skal ha tilgang til vidareutdanning og moglegheiter for å halde seg oppdaterte innan relevante område.

Leiing og samarbeid

Vi legg stor vekt på god leiing og profesjonsetisk praksis i skulen. I tillegg samarbeider vi med andre organisasjonar, som Unio og Education International, for å sikre ein heilskapleg  skulepolitikk. Vi samarbeider også med andre lærarorganisasjonar i Norden gjennom Nordiska Lärarorganisationers Samråd (NLS).

Samarbeid for føresette (gjennom Foreldreutvalet for grunnopplæringen) og elevar (gjennom Elevorganisasjonen) er også sentralt for ei god grunnskuleopplæring. Gjennom partnerskap som Partnarskap mot mobbing bidreg vi til eit trygt og godt skulemiljø for alle elevar. Vi jobbar også inn mot myndigheitene på ulikt vis, mellom anna gjennom ulike referansegrupper og arbeidsgrupper

Støtte i kvardagen

Utdanningsforbundets kontaktforum for grunnskule er ein viktig ressurs som gir støtte både til deg som medlem og til heile organisasjonen. Dei bidreg til å styrkje dialogen mellom oss og medlemene, og til å bygge kunnskap om utfordringar og moglegheiter i grunnskulen.

Saman jobbar vi for ein betre skule, der læraren si rolle og elevane si læring og trivsel står i sentrum.