Slik jobbar vi for ein betre barnehage

Utdanningsforbundet er både vaktbikkje og trekkhund i norsk barnehagepolitikk.

Utdanningsforbundet speler ei viktig rolle i utviklinga av barnehagane i Noreg. Vi jobbar spesielt mykje med rammevilkåra for barnehagen, det vil seie kva lover og reglar som skal gjelde, og kva slags finansiering barnehagane skal ha.

Noko av det aller viktigaste vi gjer, er å jobbe langsiktig for å styrkje forståinga i dei ulike politiske partia av kva som er ein god barnehage.

Vi møter jamleg politikarar og rådgivarar, og vi gir også konkrete innspel til partia sine valprogram – på både kommunalt og nasjonalt nivå.

Nye framlegg frå politikarane

Kvar gong regjeringa eller representantar på Stortinget kjem med framlegg til ny barnehagepolitikk, arbeider Utdanningsforbundet aktivt med å påverke utfallet. Vi er vaktbikkje og seier høgt og tydeleg ifrå når framlegg, etter den fagleg baserte meininga vår, er i strid med det som er til beste for barna.

Samtidig støttar vi gode framlegg som vil gi barna eit betre tilbod. Ofte er rolla vår å trekkje politikarane i retning av meir ambisiøse vedtak om barnehagen, til dømes i spørsmålet om ei sterkare barnehagelærarnorm.

Lønns- og arbeidsvilkår

Gjennom arbeidet vårt med lønns- og arbeidsvilkår for barnehagelærarar og styrarar medverkar vi også til auka kvalitet i norske barnehagar.

Vi jobbar mellom anna for å gi barnehagelærarar meir tid til for- og etterarbeid, og styrarar meir tid til pedagogisk leiing.

Kontaktmøte og referansegrupper

Utdanningsforbundet har kontakt med administrativt tilsette i kommunane og byråkratar på det nasjonale nivået. Vi har faste kontaktmøte med Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet. Utdanningsforbundet er også med i referansegrupper når viktige endringar er på gang, til dømes når det blir laga ny rammeplan.

Samarbeid

I ei rekkje saker samarbeider vi med andre organisasjonar eller etatar på barnehagefeltet. Ofte deler Utdanningsforbundet og ei rekkje andre aktørar dei same måla, og då går vi saman om utspel eller andre tiltak. Vi arrangerer Barnehagedagen saman med Fagforbundet og Foreldreutvalget for barnehagen (FUB) for å synleggjere aktivitetane og mangfaldet i barnehagen.

Vi samarbeider dessutan med hovudorganisasjonen vår Unio om viktige samfunnspolitiske spørsmål som kan ha innverknad på barnehagesektoren.

Skape interesse og engasjement

Utdanningsforbundet jobbar også med å skape interesse og engasjement rundt viktige barnehagepolitiske spørsmål i samfunnet.

Vi medverkar til at media rapporterer om utfordringar og sentrale stridstema innanfor barnehagefeltet og til dei gode historiene. Vi arrangerer debattkveldar, skriv avisinnlegg, lagar videoar, plakatar og anna materiell – og vi deler relevant stoff i sosiale medium. Alle dei tillitsvalde på ulike nivå i Utdanningsforbundet og dei tilsette i sekretariatet er eit sterkt lag som jobbar for at barn i Noreg skal få ein best mogeleg barnehage.