Slik blir du lærar

Lærer skriver på tavle.
Utdanningsforbundet er opptatt av at lærarutdanningane i Noreg skal ha høg kvalitet.

For å bli lærar krevst det ei lærarutdanning som gir deg pedagogisk, didaktisk og fagleg kompetanse. I Noreg kan du bli lærar ved å følgje ulike utdanningsløp som kvalifiserer til ulike trinn i utdanningssystemet.

Utdanningsforbundet meiner at barn og unge er tente med at det finst lærarar med ulik lærarutdanning, og desse utdanningane må utviklast kvar for seg og i samanheng med kvarandre.
Utdanningsforbundet meiner at framtidas lærarar må få ei utdanning av høg kvalitet der dei profesjonsfaglege elementa, saman med solid fagkunnskap og tydeleg forankring i forsking og erfaringskunnskap, har ein sikker plass og status. Lærarutdannarane må få gode vilkår for forskings- og utviklingsarbeid, og det må leggjast til rette for kompetanseheving til doktorgrad eller tilsvarande.

Utdanningsforbundet ser på lærarutdanning som grunnutdanninga, men også rettleiing av nyutdanna og etter- og vidareutdanning medverkar til kontinuerleg kvalifisering for å komme kompetansebehov i framtida i møte. Difor må vi sjå desse elementa i samanheng i den yrkeslange kvalifiseringa til ein lærar.

Barnehagelærarutdanning

Barnehagelærarutdanning er eit treårig studium som fører fram til bachelorgrad i barnehagelærarutdanning. Utdanninga kvalifiserer for pedagogisk arbeid i barnehage.

Med eitt års vidareutdanning retta mot undervisning på barnetrinnet, kan barnehagelærarar tilsetjast for arbeid på heile småskuletrinnet i grunnskulen. Også eitt års spesialpedagogisk vidareutdanning eller spesialpedagogisk fordjuping i studiet kvalifiserer for arbeid i småskulen dersom hovudoppgåva er spesialundervisning, eller behovet til elevane gjer at slik utdanning er ønskeleg. Utdanninga kvalifiserer også for arbeid med barn på tilsvarande utviklingstrinn i andre institusjonar.

Samisk barnehagelærarutdanning er i hovudsak bygd opp og organisert som anna barnehagelærarutdanning, men har stor vekt på samisk språk og kultur.

Informasjon om kvar du kan studere til barnehagelærar, og opptakskrava til utdanninga, finn du på  nettsidene til Samordna opptak.

Les også: Slik blir du barnehagelærar

Grunnskulelærarutdanning

Grunnskulelærarutdanninga er frå hausten 2017 ei femårig integrert lærarutdanning som fører fram til mastergrad. For studentar med opptak frå 2010–2016 er grunnskulelærarutdanninga eit fireårig løp som fører fram til graden bachelor.

Frå 2010 følgjer grunnskuleutdanninga to ulike løp. I grunnskulelærarutdanning for 1.-7. trinn blir det lagt spesiell vekt på nybyrjaropplæring og kontaktlærarrolla. I grunnskulelærarutdanninga for 5.-10. trinn blir det lagt vekt på vidareutvikling av grunnleggjande ferdigheiter, vurderings- og prøvesystem, klasseleiing og vurdering av læringa til elevane og kva som fremjar læring i faga.

Grunnskulelærarutdanninga blir avslutta med masterspesialisering. Du kan velje mellom ei masteroppgåve i undervisningsfag, pedagogikk eller spesialpedagogikk. Masteroppgåva i undervisningsfag skal ha solid forankring i fag og fagdidaktikk og kan i tillegg bestå av element frå pedagogikk og spesialpedagogikk. Masteroppgåva i pedagogikk eller spesialpedagogikk bør knytast opp til undervisning i fag.

Samisk grunnskulelærarutdanning er i hovudtrekk bygd opp og organisert som anna grunnskulelærarutdanning, men har stor vekt på samisk språk og kultur.

Informasjon om kvar du kan studere til grunnskulelærar, og opptakskrava til utdanninga, finn du på nettsidene til Samordna opptak.

Praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfag

Praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfag er ei eittårig utdanning der studentar som har fullført ulike fagstudium som gir kompetanse til å undervise, kan kvalifisere seg til å bli lærar.

Studentar som tar praktisk-pedagogisk utdanning, har vanlegvis ei utdanning med stor grad av fagleg fordjuping. Utdanninga kvalifiserer mellom anna for arbeid med enkeltfag på mellomtrinnet, på ungdomstrinnet i grunnskulen, i vidaregåande opplæring og i vaksenopplæring.

Informasjon om kvar du kan studere praktisk-pedagogisk utdanning, og opptakskrava til utdanninga, finn du på nettsidene til dei ulike universiteta eller høgskulane.

Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag

Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPU-Y) er ei eittårig lærarutdanning der studentar med ulik yrkesretta bakgrunn kan kvalifisere seg til å bli lærar i yrkesfag.

PPU-Y byggjer anten på studium ved universitet og høgskular, til dømes ingeniør eller sjukepleiar, eller på eit fag-/sveinebrev kombinert med yrkesteori og praksis frå yrkeslivet.

Studiet er ei praksis- og yrkesretta utdanning på 60 studiepoeng (sp.), og består av 30 sp. pedagogikk og 30 sp. yrkesdidaktikk.

Studentar som tar praktisk-pedagogisk utdanning har vanlegvis ei utdanning med stor grad av fagleg fordjuping. Utdanninga kvalifiserer for arbeid med enkelte fag på ungdomstrinnet i grunnskulen, i vidaregåande opplæring og i vaksenopplæring.

Informasjon om kvar du kan studere praktisk-pedagogisk utdanning, og opptakskrava til utdanninga, finn du på nettsidene til dei ulike universiteta eller høgskulane.

Lektorutdanning

Lektorutdanning for 8.-13. trinn er ei femårig integrert lærarutdanning som fører fram til mastergrad.

Lektorutdanninga gir undervisningskompetanse i to undervisningsfag. Du fordjupar deg i eitt av faga på masternivå, medan det andre faget du vel, utgjer ei årseining. Lektorutdanninga blir avslutta med masterspesialisering i undervisningsfaget på masternivå eller i fagdidaktikk.

Med lektorutdanning er du normalt kvalifisert til å undervise i ungdomsskulen og vidaregåande opplæring, men også på mellomtrinnet i grunnskulen og i vaksenopplæringa.

Informasjon om kvar du kan studere til lektor, og opptakskrava til utdanninga, finn du på nettsidene til Samordna opptak.

Yrkesfaglærarutdanning

Yrkesfaglærarutdanninga er ei treårig bachelorgradsutdanning. I løpet av utdanninga lærer du om faget du skal bli lærar i, pedagogikk og fag- og yrkesdidaktikk, og du får opplæring i praksis som til saman gir yrkesfaglærarane ein felles basis og utdanning i breidde og djupn.

Med yrkesfaglærarutdanning er ein kvalifisert til å arbeide som lærar i vidaregåande opplæring og vaksenopplæring, og ein har kompetanse for å undervise i enkelte fag på mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen.

Opptakskrava til studiet byggjer på generell studiekompetanse, fagbrev, sveinebrev eller tilsvarande yrkesutdanning frå vidaregåande opplæring og praksis frå yrkeslivet.

Informasjon om kvar du kan studere til yrkesfaglærar, og opptakskrava til utdanninga, finn du på nettsidene til Samordna opptak.

Faglærerutdanning

Faglærarutdanninga er til vanleg treårig bachelorgradsutdanning og omfattar høve til spesialisering:

  • Faglærarutdanning i formgjeving, kunst og handverk
  • Faglærarutdanning i kroppsøving og idrettsfag
  • Faglærarutdanning i musikk, dans og drama
  • Faglærarutdanning i praktiske og estetiske fag

Utdanninga kvalifiserer for arbeid i faget på mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen (for enkelte fag også på småskuletrinnet), i vidaregåande opplæring, i ulike typar vaksenopplæring og i anna frivillig opplæring.

Informasjon om kvar du kan studere til faglærar, og opptakskrava til utdanninga, finn du på nettsidene til Samordna opptak.