Utdanning er eit politisk ansvar- nasjonale satsingar må fullfinansierast over statsbudsjettet!

Det er politikarane på Stortinget som vedtek dei store linjene i utdanningspolitikken. Det er dei same politikarane som vedtek statsbudsjettet, som skal syta for at politikken vert råd å gjennomføra i praksis.

- Me får snart presentert statsbudsjettet for 2025. Då er tid for å minna om i kor liten grad Stortinget sine vedtak er finansierte seier kontaktperson grunnskule i Utdanningsforbundet Vestland, Marit Himle Pedersen.

- Her må det vera ein tydelegare samanheng. Slik det er i dag sender Stortinget store deler av rekninga til kommunane, som me alle veit har store utfordringar med å finansiera oppgåvene dei gjennom lov og forskrift er pålagt.

- Skal me i framtida ha ein likeverdig, offentleg fellesskule i landet vårt må satsingane stortinget vedtek fullfinansierast i større grad enn i dag, meiner Marit Himle Pedersen.

I 2020 fekk  grunnskulen og vidaregåande skule nytt læreplanverk. Ei ny undersøking blandt Utdanningsforbundet sine arbeidsplasstillitsvalde i grunnskulen og den vidaregåande skulen, viser at det er store skilnader på korleis læreplanverket LK 20 er implementert. Det gjeld ikkje minst i kva grad lærarane har oppdaterte læremiddel.

Halvparten av lærarane i undersøkinga melder om at ein har oppdaterte læremiddel for sine fag, samstundes som det er heile 28 prosent av lærarane som svarar at ein ikkje har oppdaterte læremiddel. Læremidla er fornya i minst grad i grunnskulen samanlikna med i vidaregåande skule.

Resultata frå denne undersøkinga viser at skulen sine innkjøp av læremiddel ikkje samsvarer med kva lærarane ønsker seg av digitale og/eller papirbaserte læremiddel. Flest (53 prosent) svarar at dei ønsker seg ei 50/50-fordeling, men begge deler er ikkje tilgjengelege for alle lærarar i alle fag. 

- At me 4 år etter at det nye læreplanverket kom ser desse tala er urovekkande, meiner Marit Himle Pedersen. På den måten vert ikkje Stortinget sine målsetjingar  og ambisjonar råd å gjennomføra på skulane våre. Det bør uroa norske politikarar.

Les Er læreplanen LK20/LK20S innført i norsk skule? Lærarar si vurdering